Vi vil gjerne høyre frå deg! Kanskje er det nettopp din idé som kan hjelpe oss til å tenke nytt.

Dagsenteret har laga flotte forslagskassar. Desse finn du på helsetunet i 2 og 3. etasje utenfor kjøkken/stove.

Alle kan legga forslag og innspell i forslagskassen, både pasientar, pårørande, innbyggjarar, frivillige, foreningar, og personalet.

Retningsliner for innspell og forslag:

  • Skriv i forslaget dato
  • kven forslaget kjem frå (lag/forening/person)
  • eventuelt e-post (du treng ikkje å oppgi e-post, men då kan vi ikkje gi tilbakemelding)

Vi går gjennom forslaga og plukkar ut dei vi kan gjere noko med. Noko kan vi gjere på kort sikt, medan andre ting kan ta lengre tid. Vi sett pris alle forslaga som kjem, men håpar på at du har forståing for at einkelte ting kan vi ikkje endre eller gjere noko med.

Hugs at forslagskasse ikkje skal bli brukt til kommunikasjon om pasientar eller dersom du er til dømes misfornøgd med tenestene

Med helsing, Aurland kommune ved pleie og omsorg

Essi Mäki, tenesteleiar
Ingrid F. Bekkedal, avdelingsleiar helsetun
Marit Irene Aas Nesheim, avdelingsleiar heimebaserte tenester