Det er ei tidsavgrensa teneste der du får hjelp til å trene på daglege gjeremål. Treninga finn stad heime hjå deg, og du trenar saman med ein heimetrenar frå heimetenesta.
Saman med oss skal du finne ut kva du tykkjer det er viktig å meistre i kvardagen.
Du får tilbod om ein intensiv treningsperiode over 8 veker. Vi har tett oppfølging med deg i perioden. Kvardags-teamet består av ergoterapeut,   fysioterapeut og heimetrenar. Vi ynskjer å bidra til at du kan nå måla dine.  

Kvardagsrehabilitering tek utgangspunkt i dine mål, ynskjer og vi spør alltid: kva er viktig for deg?

Kvardagsrehabilitering2.jpg

Meistring gir deg moglegheiter! Er du motivert til å meistre eigen kvardag?

Døme på aktivitetar vi kan trene på:

  • Hente post
  • Gå i trapper
  • Meistre personleg hygiene
  • Laga måltid
  • Gjere husarbeid

Er dette noko for deg eller ein i familien?

Kontakt oss på tlf: Tlf. 576 32 900

Søknadsskjema – kvardagsrehabilitering

fullmaktskjema