Dagsturhytta

Dagsturhytta som skal setjast opp på Vinjaåsen er kome til Aurland. Det er i alt 26  liknande hytter som skal setjast opp, ei i kvar kommune i Sogn og Fjordane.

I denne runden vart det levert hytter til Vik, Leikanger, Sogndal, Aurland, Lærdal og Årdal.

Hytta som skal opp på Vinjaåsen vert sett opp i august, og skal mellomlagrast fram til då. Byggesettet er samansett av 8 modular, og skal løftast opp med helikopter.

Fundamenta til hytta skal setjast opp i slutten av juni. Det blir sjølvsagd noko støy av helikopter når arbeidet ver gjennomført i desse periodane. Me vonar likevel at tiltaket er og vert positivt motteke, og at det  på sikt bidreg til at fleire tek ein spassertur til Vinjaåsen.

Tiltaket har sitt utspring i Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2016 – 2019  og er meint som eit tiltak for venteleg å bidra til meir fysisk aktivitet blant folk generelt og born og unge spesielt.

Dagsturhytta
Dagsturhytta
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland