For at Aurland kommune skal tilpasse seg samfunnsendringane og alle krava ein kommune har, må me felles auke kunnskapen og starte debattar som kan skape føremålstenlege endringar. For at Aurland kommune skal stette lovkrava, til liks med store kommunar, må me vere ein generalistkommune med breitt oppgåveansvar. Lovkrav og oppgåver som krev spesialiserte og tverrfaglege fagmiljø er særskild krevjande, og med rekrutteringsutfordringar på toppen av dette, kan små distriktskommunar bli sårbare.

Gjennom omstillingsprosjektet er målet å gjere tiltak som kan møte desse utfordringane. Kommune bør organisere seg for å møte framtida med færre arbeidshender og få ein meir robust og berekraftig organisering. Dette krev eit samspel mellom trepartssamarbeidet (folkevalde, administrasjonen og tillitsvalde). Korleis skal Aurland kommune klare å gje helse og omsorgstenester i år 2040 når det blir 70% fleire over 80 år? Det vil ikkje vere tilstrekkeleg med arbeidskraft viss kommunen driftar slik som i dag.

Endringar krev mot, langsiktig tenking og handlekraft.

På økonomiplanseminaret fekk deltakarane blant anna presentasjonar frå tenesteleiarar, kommunedirektør og økonomileiar. I tillegg var det innlegg frå dagleg leiar i KS Vestland, Frode Kyrkjebø, om det like ansvaret alle kommunar har til å oppfylle lovkrav i ei krevjande tid framover. Han la vekt på at det er ulike føresetnadar og tid for handling.

Her kan di finne presentasjonane frå seminaret:

Helse og omsorg

Samfunnsutvikling

Frode Kyrkjebø - KS

Oppvekst, kultur og barnevern