Kva er eit ungdomsråd?

Ungdomsråd er dei unge si talarstemma mot politikarar, og skal ha ein rådgjevande rolle for kommunen og fylkeskommunane.

Rådet skal representera interessa i kommunen og har rett til å uttale seg i alle sakar som gjeld ungdom. Ungdomsrådet kan også ta opp eigne saker.

Kven som helst mellom 13 og 19 år kan bli valt i ungdomsrådet, og blir valt inntil 2 år.

Sjå også informasjonsvideo: https://www.youtube.com/watch?v=JCuigU1qbLM


Oppmoding frå ordførar

Det er viktig at ungdommane no engasjerer seg slik at me får eit operativt ungdomsråd på plass. Me har eit mål om at ungdomsrådet skal bli ein endå tydelegare part i utviklinga av kommunen vår.

Ordføraren kjem sjølv til å møta i ungdomsråda som politisk kontaktperson, dette vil då vera ein arena for å ta opp saker og få ein tettare dialog med den politiske leiinga. Eg håpar me saman kan få nokre fine år der me tek tak i saker som er viktige for den oppveksande generasjonen. Mitt mål med ungdomsrådet er at de skal få vera med å setja agendaen! Så meld dykk no med ei gong!


Kven skal du ta kontakt med?

Har du spørsmål eller ynskjer du å vera med, ta kontakt med:

Ingvild Ohnstad Stigen
Kontormedarbeidar
E-post: ingvild.ohnstad.stigen@aurland.kommune.no

Kjell Bøe Bjørgum
Ordførar
E-post: kjell.boe.bjorgum@aurland.kommune.no