Gudstenesteliste

(Lista vert oppdatert fortløpande) 

(Med forbehold om at det kan bli endringar)

Dato Klokkeslett Stad Merknad
25 april 13:00 Vangen kyrkje Ung Messe, alle 
konfirmantar deltek
09 mai 11:00  Flåm kyrkje Gudsteneste
17 mai 09:30  Flåm kyrkje Klokkeslettet vert tilpassa
17-mai.programet. 
17 mai 11:30 Vangen kyrkje Klokkeslettet vert tilpassa
17-mai.programet.
06 juni 11:00 Vangen kyrkje  
13 juni 14:00 Lunden/Flåm Utegudsteneste 

 

Korona - tiltak i kyrkja

  • Gudstenester vert gjennomført med begrensa tal deltakarar ut frå kravet om 1 m. avstand. Dåp vert i hovudsak teke i eigen seremoni etter gudstenester for at flest mogleg i dåpsfylgjet skal få vere med i kyrkja. Konkret vurdering i kvart enkelt tilfelle.
     
  • Gravferder, vigslar og dåp vert gjennomført med begrensa tal deltakarar for å overholde kravet om 1 m. avstand
     
  • Trusopplæringsaktivitetar med born/unge frå fleire klassar/skular/barnehagar er avlyst/utsett. Konfirmantundervisninga går som vanleg.

 Ved evnt. endringar i retningslinjene frå bispedømet, kommunen eller andre instansar, so vert informasjonen oppdatert.

Flåm kyrkje Foto: Kyrkjelydskontoret
Flåm kyrkje Foto: Kyrkjelydskontoret

Tilsette i kyrkja er alltid tilgjenglige om du treng oss

Ta kontakt om du treng hjelp eller har spørsmål

Kyrkjeverje Monica Finden er heile tida tilgjengeleg på tlf. 95862520, e-post monica.finden@aurland.kommune.no eller på messenger.
Ta kontakt om du har du spørsmål om gravferd, dåp, vigsel eller andre ting.

Fungerande sokneprest John Ove Thaule er tilgjengeleg på tlf. 95262085 eller e-post johnothaule@gmail.com og vikarprest Ådne Skiftun er tilgjengeleg på tlf. 90872129 eller e-post aadne.skiftun@gmail.com  om du ynskjer kontakt eller samtale med prest.

Bakka Kyrkje 20.07.2000 Foto: Kyrkjelydskontoret
Bakka Kyrkje 20.07.2000 Foto: Kyrkjelydskontoret

Transport i samband med gudstenester og andre aktivitetar i kyrkja

Kan du tenkje deg å vere frivillig sjåfør?
Det kan vere personar som ikkje kjem seg til og frå aktivitetar i kyrkja på eiga hand. Om du vil melde deg som sjåfør eller anna medhjelpar så ta kontakt med kyrkjelydskontoret.

Treng du transport?
Dersom du treng transport i samband med gudstenester i Aurland kommune så vil me tilby det, dersom me får frivillige til å stille opp. Ring oss så skal me sjå kva me kan få til saman.

 
Aurland kyrkjelydskontor
tlf. 576 32 995 / 576 32 996
Kirkens SOS logo
Kirkens SOS logo

Kirkens SOS - 22 40 00 40


Ein samtale for livet skal koste lite.

Kirkens SOS er eit nasjonalt nettverk av frivillige som 24/7 tilbyr eit lyttande øre og eit bankande hjarte. Vi vil lytte og vere tilstades, og samstundes leite fram livsmot og håp. Kvart år er vi med på å redde liv. Difor skal det nye Kirkens SOS-nummer finnast overalt. Det skal vere lett å finne fram til og koste lite å ringe til. For det handlar om ein samtale for livet.

Gå til deira heimesider for meir informasjon 

Kvifor?

Jo, fordi denne samtalen kan vere ein samtale for livet.

Kvart år svarar Kirkens SOS på meir enn 177.000 telefonsamtalar og til saman ca. 14.000 chat og sos-meldingar (anonymisert e-post). Med ca. 900 frivillige og over 30 ansatte, gjer Kirkens SOS med sine 12 lokale senter denne tenesta tilgjengeleg for menneske som opplever å vere i krise. Mange kjenner at livet er i ferd med å gå i svart. I fjor handla ca 50% av alle chat-samtalande og 30% av SOS-meldingane om sjølvmord. På telefon fortalte ca 15% av dei som ringte at dei hadde tankar om ikkje å ville leve lenger. Det er over 500 menneske som tek livet sitt i Noreg kvart år. Om lag 10 gonger så mange forsøker og enda mange fleire tenker på å gjere det. Dette er høge tal og temaet er vanskeleg å snakke om.

Kirkens SOS vil vere eit samtaletilbod for alle som opplever at livet er utfordrande, og særleg for dei som har sjølvmordstankar. Telefonen skal vere ei open linje der det er lov å snakke om alt. Der dei som tek imot samtalane toler å høyre om kvardagen slik den eigentleg er for den som tek kontakt. På Kirkens SOS er det rom for å snakke om alle sider ved livet. Også når ein gjer seg tankar om å avslutte det.

Kyrkjegardsvedtekter (Reviderte 2014)

AURLAND KYRKJELEGE FELLESRÅD

VEDTEKTER FOR GRAVPLASSANE I AURLAND KOMMUNE

Heimla i lov av 7.juni 1996 om gravplassar, kremasjon og gravferder (gravferdslova), §21, med endringar tredd i kraft 01.07.2012

Vedteke i Aurland kyrkjestyre 03.06.2014, sak 5 / 14

Godkjend av Bjørgvin bispedømeråd xx.xx.20xx
 

1. GRAVPLASSTILHØYRING

Avlidne personar heimehøyrande i Aurland kommune, kan verta gravlagde på valfri gravplass i kommunen. Dette gjeld og dødfødde born, når foreldra ønskjer det.

Personar med bustad utanfor Aurland kommune kan, mot fastsett avgift, verta gravlagde i Aurland etter særskilt løyve frå fellesrådet. Fritekne frå avgift er

  • personar frå Aurland som dei siste åra av livet har budd utanfor Aurland p.g.a. sjukdom eller alderdom.
  • personar som har far og / eller mor busett i Aurland.


2.FERDINGSTID

Fredingstida for graver i Aurland er 20 år, med unnatak for felt A og B på Vangen kyrkjegard (nord for "Undredals-feltet"), der fredingstida, p.g.a. grunntilhøva, er 30 år. 

Urne kan setjast ned i grava før fredingstida er ute.

Etter fredingstida vert grava anten festa, eller ho fell attende til kyrkjegarden, og kan fritt takast i bruk av fellesrådet.


3.FESTE AV GRAV

Når kistegrav vert teken i bruk, er det høve til å festa ei grav ved sida av, og, etter særskilt løyve frå fellesrådet, eventuelt ei ekstra grav. Desse gravene utgjer ein gravstad.

Ei grav vert festa for 10 år om gongen ved innbetaling av fastsett festeavgift. Kvittering for innbetalt festeavgift vert rekna som festebrev.

Når det ikkje er sagt noko anna, vert den som syrgjer for gravferda sett opp som festar.

Det er berre den første grava som vert nytta på ein gravstad, som er friteken for festeavgift i fredingstida.

Ingen kan gravleggjast på festa gravstad utan samtykkje frå festaren. Dersom festaren sitt samtykkje ikkje kan innhentast, kan kyrkjeleg fellesråd avgjera spørsmålet om gravlegging.

Festaren pliktar å melda frå om endring av adresse og telefonnummer.

Når det er gått 60 år etter den siste gravlegginga på ein gravstad, kan festet ikkje fornyast utan særskilt løyve frå fellesrådet.


4.GRAV OG GRAVMINNE

Fellesrådet tek ansvar for planering og tilsåing av grav etter gravlegging.

Gravminne kan setjast opp 6 månader etter gravlegging av kiste. Før 6 månader er gått, må ein ha særskilt løyve frå fellesrådet for å setja opp gravminne.

Gravminne skal godkjennast av fellesrådet.

På Vangen og Flåm kyrkjegard vert gravminne oppsett i bakkant (vestre ende) av grava. På Bakka kyrkjegard vert gravminne oppsett 60 cm. framom bakkant (vestre ende) av grava. Ein føreset at gravminne vert oppsette på line med dei andre gravminna i gravrekkja. Innskrift på gravminnet skal venda mot aust.

På ny, festa gravstad vert gravminnet først plassert ved den grava som er teken i bruk. Etter neste gravlegging skal gravminnet verta sentrert på gravstaden. Det skal ikkje vera meir enn eitt gravminne på kvar grav.

Når fredingstida er ute, og / eller festet ikkje skal fornyast, skal den ansvarlege / festaren få tilbod om å fjerna gravminnet. Grava vert registrert som ledig. Gravminnet kan likevel verta ståande, men vil då verta fjerna av fellesrådet når grava skal takast i bruk att.

Det er høve til å ha lykt fastmontert på gravminne, men festar er sjølv ansvarleg dersom lykta vert knust/øydelagt under stell (som f.eks. slått) av gravplassen .

Bilete på gravminne skal ikkje vera større enn 12 x 9 cm.

Det er ikkje høve til å ramma inn ei heil grav / ein heil gravstad med hekk, stein, jarn, tre eller anna materiale.

Gravminne som ikkje er fjerna innan 6 månader etter utløp eller oppseiing av feste tilfell gravplassen.


5.PLANTAR OG PLANTEFELT

Framom gravminnet er det høve til å opparbeida eit plantefelt. Det er høve til å ramma inn plantefeltet med ein delt natursteinskant som fluktar med terrenget rundt. Natursteinskanten skal ikkje vera festa saman med gravminnet sitt fundament. Plantefeltet, inkludert eventuell natursteinskant, må ikkje vera breiare enn gravminnet. Det kan ikkje stikka lenger fram enn 70 cm., målt frå bakkant av gravminnet. I plantefeltet kan det ikkje plantast vokstrar som er høgre enn gravminnet, eller går ut over plantefeltet.

Det er ikkje høve til å nytta plastblomar. Plantar, kransar o.l. som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav, og endar som avfall, skal vera heilt komposterbare.

Det er ikkje høve til ha lykt fastmontert på natursteinskant kring plantefelt.

Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vera grasbakke på alle sider av gravminnet.
 

6.LYKTAR OG LYS

Når ein pyntar grava med lys, skal ein nytta gravlykt. Det er ikkje høve til å pynta grava med faklar eller lys med open eld. Lyktar skal takast vekk når dei ikkje er i bruk.
 

7.ANSVAR FOR STELL AV GRAV

Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar, har rett og plikt til å stella grava han / ho har ansvaret for.

Plantefelt som ikkje er stelt i samsvar med vedtektene, kan verta tilsått av fellesrådet etter at den som er ansvarleg for grava, er varsla minst ein månad på førehand.


8.NÆRINGSVERKSEMD

Næringsdrivande som ønskjer å driva verksemd på gravplassane, skal ha løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyvet kan attendekallast dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatta montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.

Tilsette i fellesrådet kan ikkje på eiga hand utføra tenester på kyrkjegarden mot godtgjering.

Avgifter for personar utan tilknyting til kommunen

Reviderte reglar om betaling for bruk av kyrkjene i Aurland

REGLAR OM BETALING FOR BRUK AV KYRKJA

  1. Fellesrådet krev avgift for vigsel av par som ikkje er busett i Aurland. Avgifta skal dekkja lønsutgifter til organist/kantor, kyrkjetenar, kyrkjeverje og reinhaldar samt utgifter til straum m.v., i tillegg til standard sats for utleige av kyrkje i Bjørgvin bispedøme. Avgifta vert f.o.m. 01.01.2015 kr. 5.000,-. Fritekne for avgift er par der minst ein av foreldra til brura eller brudgom er busette i Aurland.
     
  2. Avgift for gravferd som vert kravd inn med heimel i dei lokale kyrkjegardsvedtektene, pkt. 1, skal dekkja utgift til graving av kistegrav og lønsutgifter til kantor, kyrkjetenar og reinhaldar, i tillegg til standard sats for utleige av kyrkje i Bjørgvin bispedøme. Avgifta vert f.o.m. 01.01.2015 kr. 7.000,-. For nedsetjing av urne utan seremoni i kyrkja vert avgifta fastsett til kr. 1.500,-. Når gravlegging skjer i Aurland, men ikkje gravferda, skal avgifta avgrensast til å dekkja utgifter til graving og medgått tid for kyrkjetenar og kyrkjeverje. Friteken for avgift er gravferd/urnenedsetjing for personar som har vore busett i kommunen og/eller der avdøde har born, foreldre eller ansvarleg for gravferda busett i kommunen.
     
  3. Der avgift nemnd i pkt. 2 vert praktisert, skal også festeavgift betalast f.o.m. gravlegginga.
     
  4. Godtgjersle til forrettande prest ved vigsel av personar som ikkje er busett i tenestedistriktet eller gravferd av personar som ikkje har vore busett i soknet, bortsett frå når avdøde sine næraste pårørande eller den som sørgjer for gravferda er busett i tenestedistriktet (Tjenesteordning for menighetsprester § 11), jf. punkt 1 og 2, kjem i tillegg til avgiftene og blir fakturert av bispedømekontoret.
     
  5. Kyrkjeverja har fullmakt til å redusera avgiftene nemnde i pkt. 1 og 2 om rekvirenten sjølv tek ansvar for funskjonar som reduserer kyrkjestyret sine utgifter slik som f.eks. organist.
     
  6. Ved gudsteneste/oppbyggjeleg møte, tek fellesrådet avgift frå rekvirenten i den grad fellesrådet har lønsutgifter knytte til samlinga. Avgifta skal tilsvara lønsutgifter for faktisk medgått tid og vert i kvart einskilde høve fastsett av kyrkjeverja.
     
  7. For konsertar eller liknande arrangement der rekvirenten tek inngangspengar, vert leige av kyrkja sett til 15% av billettinntekta.
     
  8. Leige for bruk av kyrkje til øving, plateopptak eller liknande føretak som ikkje har som føremål å samla publikum, vert avgjort av kyrkjeverja.
     
  9. For guiding av turistar ved fellesrådet sine tilsette, vert det krevd inn ei avgift på kr. 30,- pr. person.
     
  10. Tilsette i fellesrådet skal ikkje sjølve ta imot betaling for tenester som her er nemnde. Evnt. godtgjersle ut over ordinær løn skal administrerast av fellesrådet.
     
  11. Søknad om dispensasjon frå avgiftene nemnde i pkt. 1, 2, 6 og 7, vert avgjorde av kyrkjeverja evnt. vert løfta opp til kyrkjestyret.
     
  12. Kyrkjeverja justerar dei vedtekne satsane i samsvar med pris- og lønsjusteringar og andre endringar i grunnlaget for satsane.
 

Kyrkjegardsregister

Lurar du på kvar nokon ligg gravlagt, når dei vart fødde, døydde eller vart gravlagt så kan du no finne dette ved å gå inn på kyrkjegardsregisteret.

Dette registeret vil vere til god hjelp for alle som driv med slektsforsking eller som vil finne ut kor avdøde slektningar ligg. Registeret inneheld kyrkjegardane på Vangen, i Flåm og på Bakka.

Kyrkjevalet 2019

Kyrkjevalet 2019 er gjennomført, og til saman 268 personar stemde.
Valoppslutninga varierar frå sokn til sokn, og Vangen hadde 15,19%, Flåm hadde 38,15%, Undredal hadde 37,93% og Nærøy hadde 54,23% oppslutning.

Desse personane kom inn i kyrkjestyret:

Vangen sokn: Sigrid Sønnerheim Tønnessen og Sissel Aadnøy Aalen er faste, og Sølvi Karlsen Høydal og Irene Borlaug Stigen er vara.

Flåm sokn: Gerd Stave og Inger Lise Skjerlie er faste, og Jorunn Heggdal og Anne Sønni Flæthe er vara.

Undredal sokn: Leif Inge Underdal og Gunhild Stran Borlaug er faste, og Trude Ragnhild Høiby og Inger Oline Øy er vara.

Nærøy sokn: Svein Tufte og Ådne Ingvald Skiftun er faste, og Norunn Anny Larsen og Per Ramsøy er vara.

Me ynskjer dei lukka til med vervet i kyrkjestyret dei neste 4 åra.