Personar eller verksemder som ønskjer å drive sal og utlevering av alkoholhaldig drikk for drikking utanfor salsstaden, må søkje kommunen om salsløyve. Løyvet vert ikkje gjeve til bensinstasjon eller kiosk. Salsløyvet gjeld drikk som inneheld over 2,5 og høgst 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet vert gjeve for maksimum fire år om gongen.

Lenkje til lov om omsetning av alkoholholdig drikk m.v. (alkoholloven).

Endringar i løyvet skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan for eksempel skje ved skifte av styrar og avløysar, endringar i driftskonsept eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Løyvet fell vekk dersom verksemda vert overdratt til andre. Verksemda kan likevel halde fram på det tidlegare løyve i inntil 3 månader. Føresetnaden er at løyvemyndigheitene er underretta om dette. Det må søkjast om nytt løyve så snart som mogleg og seinast innan 30 dagar etter overtaking.

Kriterium

Løyvesøkjar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel. For kvart løyve skal det peikast ut styrar med avløysar. Begge må ha greidd kunnskapsprøven om alkohollova. Dei må vere over 20 år, arbeide i verksemda og oppfylle krava som alkohollova stiller. Les meir om kunnskapsprøven i alkohollova her.

Praktiske opplysningar

Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.