Personar eller verksemder som ynskjer å drive serveringsstad med skjenking av alkoholhaldig drikk, må søkje kommunen om skjenkjeløyve. Skjenkjeløyvet vert gjeve for maksimum fire år om gongen.

Lenkje til lov om omsetning av alkoholholdig drikk m.v.(alkoholloven).

Endringar i løyvet skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje ved skifte av styrar og assisterande styrar for løyvet, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve.

Løyvet fell vekk ved overdraging av verksemda. Den nye eigaren kan likevel halde fram å skjenkje på det tidlegare løyvet i inntil 3 månader. Føresetnaden er at løyvegjevar (dvs. kommunen) har fått melding, og at det blir søkt om nytt løyve så snart som råd og seinast 30 dagar etter overdraginga.

Løyvet kan gjelde

  • alkoholhaldig drikk gr. 1 (over 2,5 volumprosent alkohol) med høgst 4,7 volumprosent alkohol
     
  • alkoholhaldig drikk gr. 2 ( over 4.7 og mindre enn 22 volumprosent alkohol)
     
  • alkoholhaldig drikk gr. 3 ( mellom 22 og 60 volumprosent alkohol )

Kriterium

Det må ligge føre serveringsløyve før det kan gjevast skjenkeløyve. Løyvesøkjar og personar som har vesentleg innflytelse på verksemda, må ha utvist uklanderleg vandel.
 
For kvart løyve skal det godkjennast styrar og assisterande styrar knytt til skjenkestaden. Begge skal ha greidd kunnskapsprøven om alkohollova, vere over 20 år og arbeide i verksemda. I tillegg skal dei godkjent vandel.