Kulturmidlar

Aurland kommune deler årleg ut tilskot til ålment kulturarbeid i kommunen. Søknadsfrist 15.mars.

Kulturmidlane skal ha som føremål å støtte opp om kulturarbeidet som vert drive av frivillige lag, organisasjonar og einskildpersonar. Det skal leggjast tilrette for å skape aktivitetar og å gje høve til eit allsidig og omfangsrikt kulturliv i heile kommunen.

  • Aurland kommune prioriterer tiltak som er retta mot barn og unge
  • Det er ei fast hovudtildeling av midlar ein gong i året
  • Rådmannen tilrår, og Utval for omsorg, oppvekst og kultur gjer endeleg vedtak
  • Det kan søkjast om tilskot til drift, særskilde tiltak/prosjekt, lagsverksemd og utbetring av forsamlingshus og utandørs aktivitetsanlegg
  • Det må leggjast ved dokumentasjon på kva førre årets tildelte kulturmidlar er brukt til. Dette kan gjerast i samband med rekneskapen eller som eit eige vedlegg.
  • For å kunne få støtte til kulturmidlar er det eit minimum at årsmelding og rekneskap ligg ved søknaden

Retningsliner finn du her, eller på kommunetorget i rådhuset.

Søkjarar må nytte elektronisk søknadsskjema, gå til søknadsskjema her.  Ta kontakt med kommunetorget eller biblioteket, dersom de treng hjelp til utfyllinga. Det er viktig at både søknad og vedlegg kjem inn samla, og til rett tid. 

  • Søknadsfrist 15. mars
  • Søknadsfristen må haldast
Aurland kommune 14.02.2016 Foto Noralv Distad
Aurland kommune 14.02.2016 Foto Noralv Distad
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland