Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Aktuelt

Innsynsbegjæring

Ta kontakt med kommunen på post@aurland.kommune.no. Skriv gards- og bruksnummer på eigedomen det gjeld, og gjerne saksnummer om du veit det. Det kan ofte ligge fleire byggesakar på eit gards- og bruksnummer, så fint om de kan skildre tiltaket, slik at det er lettere for kommunen å finne riktig sak.

pic19

Kva er ein ferdigattest og kvifor er den viktig for deg?

Ferdigattest er eit dokument frå bygningsmyndigheitene om at byggearbeidet er ferdig. Attesten vert gjeve på grunnlag av dokumentasjon frå ansvarleg for byggeprosjektet om at byggverket er prosjektert og utført i samsvar med lov, forskrift og vedtaket. Ferdigattesten er ofte eit viktig dokument ovanfor forsikringsselskapet og bank når byggelånet skal konverterast og forsikringar skal teiknast.

360_F_90801783_hfJ4fdOGaAhUoiCkSTH08lM2rUNbJHYq

Informasjon byggesakstenester

I tillegg til at vi førebur saker sjølv så kjøper vi for tida byggesakstenester frå Voss herad. Vi sender nokre byggesøknader til sakshandsamar i Voss herad som førebur saka. 

Dersom du planlegg å bygge eller endre kan du få råd og rettleiing på direktoratet for byggkvalitet sine heimesider: www.dibk.no og kommunen sine heimesider www.aurland.kommune.no. For større byggeprosjekt må du kontakte fagperson som kan vere ansvarleg søkjar.

 

Generelle spørsmål på mail vil vi svare på i løpet av tre-fire arbeidsdagar. Send spørsmål til post@aurland.kommune.no

 

Åtte steg i ein byggesøknad

Prisar og gebyr 2022

Kommunestyret har vedteke nye satsar for prisar og gebyr i 2022. Gebyrforskrift med dei nye gebyrsatsane finn du her.

Rådhuset Aurland kommune