Du kan lese meir om støtte ordninga her

Du kan søke om tilskot til eittårige forprosjekt eller treårige hovudprosjekt. Dei eittårige forprosjekta kan få inntil 50 000 kroner, og søknadsfristen 25. oktober gjeld slike prosjekt. Merk at det er svært kort søknadsfrist, og dei som har gode prosjekt vert oppmoda om å ta kontakt med Vestland fylkeskommune ved Ingeborg Sofie Sætrevik. 

Treårige hovudprosjekt får 300 000 kroner i støtte. Berre prosjekt som har gjennomført eit eittårig forprosjekt, kan søkje om midlar til hovudprosjekt. For hovudprosjekta er søknadsfristen 6. desember.

I Aurland kommune kan du ta kontakt med næringsrådgjevar Ingeborg Lysne om du har spørsmål knytt til utlysinga.