Kraftig regn gjev fare for store våte skred under ca 1000moh. I høgda gjev snø og vind fare for store skred i ferske fokksnøflak. 

Ferdsel i skredterreng vert ikkje tilrådd.

Det er venta mykje regn fra og med natt til mandag - først i sør. Relativt høge temperaturer og mykje vind fører til stor snøsmelting. Tele i bakken og ein del snø som ligg i terrenget kan medføre at overvatn tek nye vegar. 

Tilrådingar
Hald stikkrenner, kummer og andre vassvegar fri for snø og is. Tette vassvegar med oppdemma vatn kan forårsake skred.

Me oppmodar innbyggarane om å følgja med på varsom.no og Statens vegvesen si informasjonside for vegmeldingar 175.no

Kommunal beredskapstelefon / teknisk vakt utanom kontortid: tlf. 959 84 600 (beredskap brann, kommunale bygg, veg, vatn og avløp)

I opningstida kan alternativt sentralbordet kontaktast: tlf. 57 63 29 00