I samband med tildeling av kulturmidlar i 2023 så var rapporteringsfristen for midlane satt til 31. januar 2024, dette var nytt i samband med tildeling av midlane i 2023. Det vart gjort over 50 tildelingar for 2023, men me ser at det framleis er mange lag og organisasjonar som ikkje har sendt inn rapport.

Me ser at mange eldsjeler innan organisasjonslivet truleg er travle med å planleggja og organisera kjekke aktivitetar for sine medlemar, og at rapportering difor ikkje står fremst i pannebrasken. Me vel difor å utsetje fristen til 14. februar 2024.

Har du allereie rapporten klar så send den inn til post@aurland.kommune.no og merk e-posten «Rapport kulturmidlar 2023»

Hugs òg søknadsfrist for kulturmidlar 2024 -den er satt til 1. mars!

Meir informasjon om det finn du her: Kulturmidlar 2024 - Aurland kommune

Har du spørsmål, ta kontakt på e-post: linn.janette.underdal.skarsbo@aurland.kommune.no