Onsdag 10. januar kl. 12.00 skal det igjen vere ein nasjonal varslingsprøve, der både naudvarsel på mobil og varslingsanlegga skal testast.

 

Det skal vere ein informasjonskampanje på radio i dagane før varslingsprøven. DSB har og sendt ut informasjon til samarbeidspartnarar og organisasjoner som tidlegare har distribuert informasjon til særleg viktige målgrupper:

  • Barn og unge
  • Eldre med låg teknologisk kompetanse
  • Alvorleg psykisk sjuke og personar med tunge rusproblem
  • Asylsøkarar og personar med låg norsk språkforståing