Det er sett fokus på å førebygge arbeid mot livstrugande sjukdommar og pandemiar på tvers av landegrenser. Tilgang på helsehjelp er ikkje sjølvsagt for alle, og heller ikkje det å få tilgang på medisinar. Noko av det viktigaste er å få sett i gong arbeidet med å utvikle nye medisinar til folk som treng det mest. Manglande folkehelse får store konsekvensar for både samfunnet og folka som bur der.

I kommunekomiteen for Aurland sit ordførar Trygve Skjerdal som leiar. Med seg har han Per Are Flåm og Monica Finden. Bøsseberarane er dei viktigaste hjelparane i TV-aksjonen, og dei gjere ein umåteleg viktig innsats. Du kan melde deg som bøsseberar her:

  • Aurland kommune 576 32 900 eller mobil 959 84 649
  • post@aurland.kommune.no
  • Du kan òg ta turen innom rådhuset og melde deg som bøsseberar

Søndag 23. oktober er bøsseberarane ute og går frå kl 16.00.

Ta vel imot dei!