Regjeringa fraråder no unødige reiser innanlands. Men dei viktigaste reisene, som å reise heim til jul, kan vera ei naudsynt reise for den enkelte.
I nokon område av Norge, slik som i Oslo og Bergen, er det no mykje pågåande smitte. Samtidig er det mange kommuner som knapt har hatt noko smitte.   

− Reiser fra eit område med mykje smitte til eit område med lite smitte utgjer ein risiko for spreiing - uavhengig av om man krysser ei landegrense, seier overlege Trude Arnesen ved Folkehelseinstituttet. 
− I slike tilfeller må du hugse på at du dei første 10 dagane etter reisa har høgare risiko enn dei rundt deg for å vera smitta, sjølv om du kjenner deg heilt frisk, forklarer Arnesen.
− Vi er særleg redd for smitte til dei eldste og til dei som er i risikogruppene, seier ho. 

Folkehelseinstituttet rår til følgjande forholdsreglar i 10 dagar etter reiser i Norge frå eit område med mykje smitte til eit område med lite smitte:  

  • Redusere antal kontaktar. 
  • Hald 2 meters avstand til personar i risikogruppa.  
  • Ver særleg nøye med hand- og hostehygiene.  
  • Vær særleg merksam på symptom.
  • Ha lav terskel for å teste deg om du får symptom eller trur du kan har vore utsatt for smitte. 

Og før du reiser; tenk over kva du skal gjere dersom du vert sjuk og må isolere deg, eller dersom du må i karantene. 

På Helsenorge.no finner du utfyllande smittevernråd ved reise og ferie i Norge, blant anna om flyreiser, reiseråd til risikogrupper og deiras pårørende og anbefalinger for offentlig transport.