Ordførar Noralv Distad innleia med ein presentasjon.

Innspel og synspunkt som kom fram i møtet, og via SMS og nettsida til kommunen:

  • Ønskje om kortfatta presentasjon av dei ulike alternativa

  • Ønskje om intensjonsavtalar som grunnlag for folkerøysting

  • Ønskje om å halda fram som eigen kommune, men utgreiing om kva som krevst av kommunen i framtida

  • Ha fokus på bu- og arbeidsområde og avstandar

  • Må vurdera økonomi, men og kompetanse og rekruttering

  • Ein bør i det vidare arbeidet vurdera alternativet Årdal – Lærdal – Aurland, kfr. Modell i rapport frå Telemarkforsking.

  • Skepsis til interkommunalt samarbeid.

  • Ein bør vurdera eit alternativ med  kommune samanfallande med verneområde/verdsarv (Lærdal/Aurland/Vik/Voss).

  • Otte for at staten kan ”straffar” kommunar som ikkje slår seg saman.

  • 16-åringar bør få røysterett i folkerøystinga

  • Sjå på framtidige samferdsleløysingar, kva vil dei enkelte kommunane


Her finn du aktuelle dokument i arbeidet med kommunereforma