Jordalen Entreprenør AS er no inne i sluttfasen av kontraktsarbeidet for øvre del av bustadfeltet. Prosjektet omfattar 11 bustadtomter, vegsystem, snuhammar, vatn- og avlaupsanlegg, samt EL infrastruktur.  Prosjektet er omfattande med omsyn til utsprenging av tomter, geotekniske tilhøve, massehandtering, muring m.fl. Samtidig har prosjektet handtert grensesnitt mot naboar og sikra tilkomst til desse også i anleggsfasen. 

Prosjektet er ei oppfølging av reguleringsplan med førsegner.  I reguleringsplanen er det lagt opp til prinsipp om samordna utbygging, dvs at bustadar og tomter vert bygd samstundes. 

Samordna utbygging:
- Det blir lagt opp til samordna utbygging mellom Aurland kommune og tomtekjøpar ved å etablerer veg og byggetomt på same tid. Det vil då være viktig å avtale grensesnitt på kva som er partane sitt ansvar i forhold til bygging av vegen. 
- Aurland kommune etablerer veg med skråning/sideareal til tomtegrense. Aurland kommune vurderer behov for sikring med rekkverk, evt avtale med tomtekjøpar å etablere gjerde på betongkant/mur. 
- Tomtekjøpar får ansvar og kostnader for etablering av fylling frå tomtegrense og ned mot grunnmur og tomta elles.  Aurland kommune vurderer behov for sikring med rekkverk.
 
Aurland kommune er i gang med å utgreie korleis salgsprospektet skal sjå ut og prisfastsetting av tomter. Norconsult AS og Arkitektkontoret 4b er engasjert til dette arbeidet. Formannskapet vil ta stilling til prisfastsetting i møte 25 mai. Dette vil vera avgjerande for eit endeleg prospekt for tomtene som kan lysast ut når feltet er overlevert frå entreprenør. 

I reguleringsplanen er det fastsett at det skal utarbeidast ein samla situasjonsplan for kvart av byggjeområda. Reguleringsplanen er juridisk bindande og førande for korleis bustadareala skal utformast. Prinsippet om samordna utbygging og ein samla plan for kvart av områda fører til at utbygginga kan realiserast gjennom alternativa:
1. Sal av utbyggingsområde til utbyggjarar som byggjer og sel vidare til tomtekjøparar.
2. Sal av tomter, der dette er mogleg, til tomtekjøparar som forpliktar seg gjennom ein felles situasjonsplan i høve utforming, terrengarrondering og sikring i mellom husa, arkitektur og løysingar. 

Kommunen arbeider vidare med dette. Førebels vurdering er at pkt 2 kan realiserast for 8 av tomtene, medan det utbyggingsarealet med tre einingar i sør må selgast til ubyggjarar på grunn av terreng, høgdeskildnadar, tilbakefyllinga samt avgrensa tilkomst i anleggsfasen. Ivaretaking av tilkomst til nabo må også sikrast i anleggsfase. 
 
Ty bustadfelt

Nedre del av Ty bustadfelt er ikkje realisert i dette prosjektet på grunn av manglande avtalar om nausynt vegtilkomst og avkøyrsler med naboar. Ein del av VVA som no er bygd tilrettelegger også for nedre del. 

Sjå illustrasjon utarbeidd av Arkitektkontoret 4b for deler av bustadarealet her.
 
Formannskapet er prosjektstyre for prosjektet.