Rådhuset Aurland kommune

Politisk sekretær/ arkivmedarbeidar

Me har ledig fast 100% stilling i stabsavdelinga støtte og digitalisering. Støtte og digitalisering omfattar fagområda økonomi, lønn, HR/personal, IKT, informasjon, politisk sekretariat og sentralarkiv. Som politisk sekretær samarbeider du tett med både politisk og administrativ leiing i kommunen.

Arbeidsoppgåver
- Drift av politisk sekretariat
- Valarbeid
- Fleksibel i høve til arbeidstid og arbeidsoppgåver
- Dokumenthåndtering og arkiv - daglige driftsoppgåver og kvalitetssikring
- Oppfølging av arkivrutinar
- Oppfølging av sakshandsamarar
- Utvikling og digitaliseringsarbeid

Kvalifikasjonar
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning, minimum fullført bachelor-grad
- Kompetanse på relevant lovverk m.a. kommunelova, forvaltningslova og offentleglova
- Erfaring frå offentleg sektor
- Interesse for arkiv-/politisk arbeid
- Interesse for digitaliserings- og utviklingsarbeid
- God digital kompetanse

Krav til språk
Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Gode engelskkunnskapar tel positivt.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Offentleg tenestepensjon.

Personlege eigenskapar
- Strukturert
- God ordenssans
- Evne til å jobbe målretta, fokusert og raskt med konkrete arbeidsoppgåver
- Evne til å kunne prioritere i ein hektisk kvardag
- Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team.
- Sørvisorientert
- Bidra positivt til arbeidsmiljøet

Søknadsfrist 12.07.2020

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland