Du kan følge planprosessen på kommunen si heimeside under «planar og høyringer» og «kommuneplanen». Her står det meir om kva samfunnsplanen er og korleis du kan påverke arbeidet.

Samfunnsdelen er ein del av kommuneplanen, som er kommunen sitt overordna styringsdokument. Den skal styre samfunnsutviklinga dei neste tolv åra. I samfunnsdelen skal kommunen leggje vekt på viktige utfordringar og synleggjere dei strategiske vala kommunen tek. Samfunnsdelen styrer samfunnsutviklinga for heile kommunen og kommunen som organisasjon. Det er derfor viktig at du som innbyggjar, arbeidsgjevar, arbeidstakar eller frivillig engasjerer deg i planarbeidet. Dette skal vere heile kommunen sin plan!

Planprogram på høyring

Fram til no har politikarane og representantar frå dei ulike einingane arbeida med planprogrammet til samfunnsdelen. Planprogrammet fortel korleis samfunnsdelen skal utarbeidast, blant anna korleis medverknad skal skje, kva hovudtema som skal utgreiast og framdriftsplan.

Planprogrammet skal opp til politisk behandling i formannskapet 26.nov 2020. Etter dette vert planprogrammet lagt ut på høyring og offentleg ettersyn, og då kan du kome med innspel.

Temamøte i januar

I januar 2021 har kommunen tenkt til å arrangere fleire temamøte som mellom anna omhandlar kva me vil at Aurland skal vere i framtida, næringsutvikling, beredskap, klima og fritidstilbod. Det er lagt opp til fire temamøte og møte med andre aktørar som barn og unge, eldre og andre interessegrupper. Det er framleis usikkert om det kan arrangerast fysiske møte pga smittevern, dersom dette ikkje er mogleg vil det bli arrangert eit digitalt opplegg. Me ønskjer at flest mogleg deltek på møta eller sender inn eigne innspel i denne perioden. Meir informasjon kjem etter kvart. 

Vidare framdrift

Etter møta i januar kjem politikarane og representantar frå dei ulike einingane til å arbeide med innspela som har kome inn. Deretter blir det laga til eit utkast til samfunnsdelen som etter planen skal leggjast ut på høyring i april. Samfunnsdelen skal etter planen bli vedtatt i juni 2021.