Eksisterande natursteinsmur har delvis utrasing og delvis deformasjoner over ein lengde på ca 100 meter. 

Eksisterande mur skal rivast og det skal setjast opp ny støttemur med nytt gjerde over. Netto breidde på vegen skal vere minst lik brei som før, etter at ny mur og ny veggrøft på overside av vegbana er etablert.

Dette vil medføre redusert framkome og faste stengeperiodar der vegen er heilt stengt på dagtid. Det vert lagt opp til følgjande stengeperiodar:

Måndag til fredag
09-11 heilt stengt
12-15 heilt stengt.

Utanom stengeperiodene må det mellom 07-16 påreknast ventetid på inntil 30 minutt i periodar, måndag til fredag.

Utrykkingskøyretøy vil kunne passere. Annleggstid er estimert til 60 dagar. Utførande entreprenør er Melcon AS. Ved spørsmål ta kontakt med entreprenør på mobil 901 34 838.