Den første tida etter heimkomst frå områder med høgt smittepress har du høgare risiko for å vere smitta med viruset, men med enkle tiltak dei første ti dagane kan du beskytte dei rundt deg: 

• Hald 1 meters avstand til alle – og 2 meters avstand til eldre og kronisk sjuke som har auka risiko for alvorleg sjukdom om dei blir smitta
• Ikkje besøk helse- og omsorgsinstitusjonane våre
• Ikkje oppsøk stadar der folk samlast
• Pass på at du har god handhygiene med hyppig handvask eller bruk av handsprit
• Hald deg for deg sjølv og bestill test for covid-19 om du får teikn på luftvegsinfeksjon eller feber

Auka smittepress fleire stader i landet har ført til ei innstramming av nasjonale føringar som er konkretisert i Covid-19-forskrifta. Smittepresset varierer mykje mellom og innad i dei ulike regionane i landet. På VG sine heimesider kan ein finne god oversikt over smittestatus i landet - heilt ned på kommunenivå.

Både Oslo- og Bergen-regionane har no eit høgare smittetal enn i fleire europeiske land. Status i kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane er meir oversiktleg med låge smittetal hittil, men vi erbekymra for at den alvorlege smittesituasjonen i Bergen og Oslo skal spreie seg til vårt distrikt. 

Pandemien har vart lenge, og vil vare i lang tid enno. Den nasjonale strategien er at vi alle held fast på dei generelle smittevernstiltaka med å halde seg heime ved symptom, halde minst 1 meters avstand til andre, ha god hand- og hostehygiene og avgrense talet nærkontaktar. I tillegg nyttar ein TISK- strategien  som inneber omfattande Testing for covid-19, Isolering av smitta personar, rask Smittesporing og å sette nærkontaktar i Karantene for å hindre at smitten spreier seg. Lokale forskrifter nyttar ein ved ein ukontrollert smittesituasjon der denne tilnærminga ikkje lenger er effektiv nok. 

I tidlegare Sogn og Fjordane har denne strategien så langt vore vellukka. Dette skuldast nok mellom anna vår geografisk spreidde befolkning og innbyggarane si generelt gode evne til å følge smittevernsråda. Vi meiner at no, med så mykje smitte i regionar nære oss, er det viktig å presisere det ansvaret kvar einskild har for å opptre på ein smittevernsmessig forsvarleg måte. Vi vil oppmode alle om å reise minst mogleg. Om ein har vore i eit område med pågåande lokalt utbrot dei siste 10 dagane,må ein vise eit særskilt omsyn til dei rundt seg.

 

På vegne av/ 

Jan Helge Dale, kommuneoverlege Kinn kommune

Thomas Vingen Vedeld, kommuneoverlege Stad kommune

Frode Myklebust, kommuneoverlege Årdal, Aurland og Lærdal kommune

Leiv Erik Husabø, kommuneoverlege Sogndal kommune

Øystein Furnes, kommuneoverlege Sunnfjord kommune