Det medfører at besøkande må inngå avtale i forkant for å vere sikra å få møte med sakshandsamarar. Då får sakshandsamarane betre tid til å bu seg til møtet, noko som sikrar rask og kvalitetssikra assistanse. Besøkande slepp også å måtte reise heim med uforretta sak dersom ein sakshandsamar ikkje er tilgjengeleg. Det er framleis mogleg å møte opp og sjekke om ein sakshandsamar likevel kan ta i mot.

Kontaktinfo til tilsette finn ein på heimesida til kommunen under «Kontakt oss» → «Tilsette». Ring gjerne direkte til sakhandsamarane.