Markering av Den Internasjonale Alzheimerdagen

Den Internasjonale Alzheimerdagen er 21. september.
Me markerar dagen 19. september 2018.

Tema: Vil du bli Aktivitetsvenn
Stad: På Aurlandsvangen (dersom dårleg vær blir me på Rådhuset)
Tid: 10.30 – 12.00

  • Det å være ein aktivitetsvenn er enkelt
  • Du treng berre gjera noko du likar
  • Saman med ein som har problem med hugse eller har ein demens

Mange med hukommelsessvikt eller demens vert ofte unødig isolerte og einsame.

Me veit at ulike fritidsaktivitetar og gode opplevingar har positiv effekt. Med ein aktivitetsvenn kan ein fortsetja mange av sine vanlege aktivitetar. Ein kan gå tur, spele kort, besøke ein nabo, eller berre møtast for ein kopp kaffi og ein liten prat.

Det einaste som krevst av deg som aktivitetsvenn er at du ynskjer å bruke litt av tiden din til noko meiningsfylt saman med eit anna menneske.

Mange av dei som vert ramma av demens opplever at dei rundt seg trekkjer seg litt unna, dei veit ikkje heilt kva dei skal sei eller gjera i møte med den einskilde. Som regel skuldast dette mangel på kunnskap.

Sjå kampanjefilmane på www.demensvenn.no

Me vonar du tek deg ein kaffikopp og ein prat med oss på Vangen 19. september.

Hukommelses teamet og Dagsenteret i Aurland

Markering av Den Internasjonale Alzheimerdagen 2018
Rita Andresen, Mari Brekke og Grete Helene Sæterdal frå Hukommelses teamet og Dagsenteret i Aurland markerer dagen med stand på Vangen 19. september 10.30 til 12.00
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland