Aurland kommune spelte inn 7 punkt:

  • Sikre at handlingsrommet i vern av Sognefjorden heng saman med handlingsrommet i eksisterande vern og verdsarvområde.
  • Bidra til å koordinere med medverknadsprosessar på kommunenivå.·
  • Sikre ein meir føreseieleg og heilskapleg utvikling av fjordane saman med utfordringane knytt til elvane.
  • Syte for ein inkluderande prosess opp mot innbyggjarar og lokalt og regionalt næringsliv.·
  • Bruke besøksstrategiar og besøksforvaltningsplanar som verktøy i prosessen.
  • Syte for at staten bidreg med naudsynte midlar for å kartlegge særlege sårbare marine miljø, og følgje opp med midlar til tiltak.
  • Marint vern av Sognefjorden skal ikkje setje restriksjonar i båt- og skipstrafikken. Det skal heller ikkje setje restriksjonar i bruk og utvikling av strandsona med tanke på evnt. bygging av kaianlegg, tursti m.v.

No er utgreiingsprogrammet vedtek av Miljødirektoratet. Dei fastsette dokumentet den 30. november 2023. Les utgreiingsprogrammet her: Utgreiingsprogram, Sognefjorden kandidatområde for marint vern (pdf)

Arbeidet med konsekvensutgreiing har starta, og det er det Akvaplan NIVA som skal stå for. Arbeidet vil ta omtrent eit år. Det vil parallelt med dette bli invitert til drøfting i referansegruppene, der mellom anna Aurland kommune vil vere representert.