2 fastlønna stillingar som spesialist i allmennmedisin / lege i spesialisering

Legekontoret i Aurland har no ledig to legestillingar med fastlønn. Vi ser at stilllingane kan fungere godt for eit par.

Stillingane er knytt til Aurland legekontor som har 3 legestillingar samt LIS 1 stilling. Kontoret er velutstyrt og har eit hjelpepersonell på tre med sjukepleiar og legesekretær i staben. Legekontoret er samlokalisert med rus- og psykiatritenesta, helsestasjon med jordmor, fysioterapi, ergoterapi, treningskontakt og koordinator og er organisert som del av tenesteeininga Helse og Førebygging.

Som kommunal fastlege i Aurland vert du ein del av interkommunal legevakt stasjonert ved Lærdal Sjukehus. Vaktordninga er 12 delt, eller skjeldnare. Legevakta er tilstedevakt i legevakta sine lokale på sjukehuset, i eit bredt fagmiljø, med fri etter vakt. Legevakta er fastlønna. Lege på vakt har også tilsyn med dei 4 interkommunale KAD sengane.

Kommunen nyttar INFODOC som journalsystem.

Søknadsfrist 23.07.2020

Ny utlysing - fast 34,15 % stilling som personleg assistent

Me har ledig 34,15 % fast stilling frå 1.08.20. Stillinga kan kombinerast med skulegang, med arbeid kvar 4. helg.

Brukar har behov for assistanse til alle gjeremål. Han bur i eige husvære saman med familien sin.
Arbeidet går ut på å assistere brukar i praktiske gjeremål både i og utanfor heimen. Brukar er ivrig til å trene og du vil vere ein av fleire som jobbar i eit team rundt brukaren. Det vil vere nært samarbeid med brukar og brukar sine
pårørande.

Du vil få opplæring i bruk av diverse tekniske hjelpemiddel.

Du må ha førarkort for personbil.

Du vil jobbe i turnus med vakter på dagtid og kveldstid måndag til fredag, samt ei helg 4. kvar veke. I periodar kan det bli aktuelt å jobbe til andre tider, samt. høgtid.

Søknadsfrist 12.08.2020

Ledig inntil 100 % vikariat og stilling som tilkallingsvikar som personleg assistent

Me har ledig vikariat frå medio september til medio november i ordningen i ein 76,76 % stilling.
I perioden 1.november 2020- 31.oktober 2021 har me ledig 100 % vikariat ved same ordning.

Me har og behov for tilkallingsvikarar i ordningen.