Bane NOR har ansvar for å vedlikehalde Rallarvegen mellom Finse og Myrdal, eit arbeid som må skje etter strenge reglar. Brua ved Lågheller mellom Finse og Hallingskeid er i dårleg stand og toler truleg ikkje ein vinter til. Sidan sykkelsesongen har vore kort, har me venta med bruskiftet til «sykkeltoget» ikkje går lenger.
Arbeidet startar 14. september og er berekna å vara i fire dagar. Sidan det ikkje er passasje rundt brua må me stengje Rallarvegen ved brua. Arbeidet går i korte trekk ut på å rive eksisterande bru, ordne opp i grunnforholda på begge sider og byggje opp ny bru. Melcon AS skal utføre jobben på oppdrag frå Bane NOR.
 

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.
Prosjektleiar Ketil Thorsen, tlf. 482 08 908
Byggjeleiar Håkon Berge, tlf. 900 57 894

NB! Rallarvegen er open på strekningane Haugastøl–Finse og Hallingskeid–Vatnahalsen–Flåm.