Arbeidsutvalet til Nordfjellarådet (Ordførar gruppa)
Det er vart halde eit Teamsmøte etter at meldinga om påvising av CWD på Hardangervidda. Hoved-grunnen var at i forbindelse av dette vart det tillyste møte om reetablering i Nordfjella utsett på ubestemt tid. Ordførarane meinte at dette kunne ein ikkje godta. Ein forventar at strategien for Nordfjella blir følgt, og har i brev av 25/9-20 til landbruk- og matministeren og Klima- og Miljøvernministeren bedt dei invitere ordførarane til eit orienteringsmøte om situasjonen. I følgje Intensjonsavtalen som vart underskriven 8 mai 2018 skal det haldast to orienterings møter om CWD situasjonen i året. Siste møte var den 16 des. 2019.
 
Hjortevilt.
Etter kvart som tida går har ein inntrykk av motivasjonen for tiltak for bestandsreduksjon og å hindre spreiing av smitte er på veg ned.
Oppfordringa om reduksjon av hjortevilt held fram i 2020. I vår kom det ein evalueringsrapport om resultatet etter jakta i 2019 (NINA Rapport 1813). Her er det ein kommunevis oversikt over utviklinga frå 2019. Den syner at oppfordringa om bestandsreduksjon er ulikt motteke og tilrettelagt i dei ulike kommunane (les kvotetildeling for 2019 og 2020).
I juni sendte Miljødirektoratet ut brev til alle 15 kommunane i kartleggings-område. Hovudbodskapet var å få fram dyretettleiken i kvar kommune. Denne vert rekna i antall dyr pr. kvadrat kilometer. Denne varierte frå 0,7 – 5,1 dyr pr. km2.
Dei 10 hjortane som vart påmontert GPS klavar i vår kan no følgjast på nett, gå inn på: https://www.nibio.no/nyheter/na-kan-du-folge-hjorten-pa-nett gå inn på Dyreportalen.
Miljødirektoratet har også i år stilt midlar til disposisjon for uttransport av felt hjortevilt frå vanskeleg tilgjengeleg områder. Pr i dag (1/10) er det transpotert ut 83 dyr.
I Lærdal, Aurland og Årdal vart det halde informasjons møter før jaktstart.
 
Status etter villreinjakta:
Denne er enno ikkje klar.
 
Reetablering av villrein i sone 1.
Her var fyrste møte i gruppa planlagt til 21 – 23 sept., men påvisinga av CWD på Hardangervidda gjorde at dette er utsatt inntil vidare. Håpar ein kan komme i gang så raskt som mogeleg.
I brev frå Vetrinærinstituttet til Mattilsynet den 16 sept. blir sone 2 vurdert som ein del av utbruddssona og sansynlegheit for smittefriheit er redusert. Dei meiner at det er behov for ytterlegare reduksjon av flokken er nødvendig. Det er enno ikkje dokumentert at det er samanheng mellom den type CWD funnen på Hardangervidda og i Nordfjella sone 1.
Påvisinga av sjukdom på Hardangervidde gjer at ein bør utelukke dyr derifrå til reetablering i sone 1. No er det flokken i sone 2 som er mest aktuell, og må forvaltast med det som utgangspunkt.
 
Beitebruk.
Beitesesongen 2020 har etter meldingane eg har fått gått tilnærma normalt. Tiltaka rundt gamle salteplassane er følgt opp. Etter ein kontrollrunde av Mattilsynet i sommar, vart det rapportert nokre avvik. Desse vart retta opp av beitebrukaren.
Mattilsynet inngjekk kontrakt med beitebrukarane om tilsyn av avstengte salteplassar mot godtgjesle. Dette for å redusere bruken av helikopter i beiteperioden noko som vart godt motteke.
 
Sperregjerde.
Sperregjerda langst Rv 52, Hemsedalsfjellet og langs Fv50, Aurland – Hol, er sjekka og reparert etter sist vinter. Etter henvendelse frå Mattilynet vart portane/ grindene på deler av gjerde over Hemsedalsfjellet kontrollert. Grunnen var at dei hadde fått melding om at det var observert portar som sto opne. Under inspeksjonen var det ei grind som var open, denne vart stengt. For å hindre at grinder vert ståande opne kunne ein med fordel erstatta nokre med gjerdeklyv. Dette er portar som som står i stiar.
 
Skuleprosjekt.
Prosjektet «Ein dag i villreinfjellet» er gjennomført. 8 skular meldte seg på, og 109 elevar deltok. Dette er eit opplegg som er meint å gje elevar i 6 klasse litt kunnskap om villrein. Gjennomføringa vart pga. Coronaen avvikla litt annleis enn det som fyrst var tenkt. I staden for eit besøk på skulane i mai/juni fekk skulane tilsendt eit undervisnings opplegg frå Tuva Flor Lien på Norsk Villreinsenter Sør, som dei skulle gå gjennom på eigahand. Dette besto av korte video filmar med forskjellige tema, forslag til rollespel og spørsmål (kahoot).
Runde 2 med ein aktivitets dag ut vart gjennomført som planlagt i august/ september, med dei corona tiltaka som ein vart pålagt. Dette var ei lett blanding av teoretiske og praktiske oppgåver. Det vart starta med spørsmål knytt til det undervisnings opplegget dei hadde fått tilsendt. Det var tydeleg at bodskapen hadde gått inn hjå elevane. Seinare var det rollespel der ein hadde fokus på utfordringar villreinen er utsett for, klimaendringar, innsnevring av beiteareal, forstyrrelsar m.m. Elevane fekk og prøva seg med skyting med pil og boge. Dette vart populært. Til lunsj fekk dei servert steikt reinskjøt med salat, tyttebær og rømme (reinsdyr kebab).
Etter at runden var gjennomført er det sendt ut eit evalueringsskjema til skulane. Berre positive tilbakemeldingar. Målet er at dette tiltaket skal fortsette fram til villreinen er tilbake i sone 1.
 
Lærdal 5 oktober 2020
Lars Nesse
-CWD koordinator-