I etterkant av at det vart utført sentrumsskilting i Flåm i 2023 vart Sti og Løypeplangruppa oppmoda om å setje dette på agendaen for Aurland i 2024.

I møtet ynskjer me å informere om korleis prosessen vart gjort i Flåm, korleis ein kan sjå føre seg at det vert gjort i Aurland. Men fyrst og fremst ynskjer me å få eit inntrykk av stemninga og interesse for dette blant dei etablerte næringsdrivande i Aurland innan blant anna kunst og handverk, camping, overnatting, attraksjonar, sal og teneste verksemder.

 

I møtet vil me òg diskutera finansieringsnøkkel for eit slikt prosjekt.

 

Om du og verksemda di ikkje har høve til å delta  så set me pris på om du sender oss ein e-post med ditt innspel.

 

Me ynskjer òg at du melder deg på slik at me veit kor mange som kjem.

 

Påmelding til Linn-Janette på linn.janette.underdal.skarsbo@aurland.kommune.no

 

Møtet vert arrangert i regi av Sti og Løypeplan gruppa som består av representantar frå:

-Aurland kommune

-Nærøyfjorden Verdsarvpark

-Visit Sognefjord

-Næringslivet

-Grunneigarar
 

Møte blir heldt i kommunestyresalen, Aurland rådhus, kl 12:30 18 januar.