Me vonar at ein felles dugnad også vil gjere at me blir flinkare til å ta med oss eige søppel, og til å plukke med oss det me finn når me ellers er på tur. Auka fokus på plastforureining er særleg aktuelt så me er spente på kva og kor mykje me finn langs strendene her! Desse fjordane har verdsarvstatus, og det er difor viktig å ha eit særleg fokus på opplæring og å skape engasjement rundt ivaretaking av naturen og landskapet rundt fjordane. Med aukande besøk og trafikk er det særs viktig å bli medvitne på kva det medfører av auka forsøpling.

Me vonar at eit breitt samansett dugnadslag vil gi auka kunnskap hjå mange brukargrupper og at ringverknadene kan bli positive med det resultat at vi får mindre søppel langsmed strendene. Skuleelevane vil plukke søppel over store område denne dagen – både langs strendene og i bygdene.

Den fantastiske naturen me bur i treng hjelp – så om du har tid og lyst er du hjarteleg velkomen til å gjere ein innsats i nabolaget ditt eller ta med deg søppel langs ruta du likar å vandre på tur.

Snædis L. Bjarnadottir

Epost: snaedis@naroyfjorden.no

Tlf : 94 26 93 38