Ordførar Kjell Bøe Bjørgum stod klar med blomar og lovord om dei tre idrettstalenta i desembermøte i kommunestyret. 

Sigve Vikseland fekk heider for ein flott skytesesong i 2023. Innandørs vann Sigve mange stemner, men den største prestasjonen fekk Sigve då han blei fylkesmeistar i kl. EJ og 3-5. Sigve slo alle seniorane!  På landsstemne på Voss i sommar klinka han til med 247 poeng, og med 100 deltakarar i finalen blei det ein kjempeflott 3.plass.

Sofia Stigen Sørensen fekk heider for hennar innsats og prestasjonar innan boksesporten 2023. Sofia har frå før bronse i EM og VM for juniorar, og i år fekk Sofia gull i noregsmeisterskapet. Sofia har reist på mange ulike internasjonale stemner med gode resultat.

Oline Stigen Sørensen fekk heider for gode prestasjonar innan boksesporten, til liks med søstera Sofia. Oline har hatt ei bratt læringskurve innan sporten, som har gjeve gode resultat. Ho har delteke i mange stemner i 2023 der ho blant anna har fått pris for beste jenteboksar uavhengig av vektklasse. Bokseåret 2023 fekk ein flott avslutting i desember då Oline blei noregsmeister i dimplomboksing.