Kart over verdisetting av friluftsområde

Friluftslivskartlegginga er no avslutta

Aurland kommune har sidan sumaren 2018 arbeida med ei kartlegging og verdsetting av friluftslivsområda i kommunen. Arbeidet er ein del av ei nasjonal satsing som alle kommunar er pålagt å gjere. Formålet med kartlegginga er at kommunen skal få eit bevisst forhold til eigne friluftslivsområde.

Det vart registrert 93 friluftslivsområde i kommunen, der over halvparten av desse vart kartlagt med verdi B «viktig friluftslivsområde». Den vanlegaste områdetypen som er nytta for friluftslivsområda i kommunen er «leike- og rekreasjonsareal» og «grønkorridor». Arealmessig er likevel størstedelen av friluftslivsområda i kommunen kartlagt som «store turområde utan tilrettelegging» då store delar av høgfjellsområda i kommunen fell under denne områdetypen.

Resultatet av kartlegginga er eit temakart som har blitt publisert på Naturbase.no og som ligg inne som eit eige temalag på Fylkesatlas.no. Dette er to verktøy som vert brukt i offentleg forvaltning.

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland