Fråværsattestar for elevar i vidaregåande skule 

 Ved Aurland legekontor vil me skrive ut fråværsattestar i samsvar med fråværsreglement for vidaregåande skular i Vestland.  

 

I desse tilfelle kan elevar få utskrive attest på fråvær grunna akutt sjukdom:  

  • Dersom det er 4. dagen med fråvær frå skule grunna sjukdom (påfølgjande skuledagar) 

Eller: 

  • Dersom elev har fått melding frå skulen om at han/ho nærmar seg grensa for 10% fråvær i eit fag (vis dokumentasjon ved førespurnad om attest)  

Ved alle andre fråvær grunna ukomplisert sjukdom, skal elevar nytte eigenmelding. Det meste går over innan 3 dagar. 

Ved kroniske sjukdommar eller langvarige plager, inkludert psykisk sjukdom, vil me oppfordre til å ta kontakt med fastlege eller helsesjukepleiar på skulen. Desse plagene fell utafor reglane nevnt over.  

Dersom elev fell innafor gruppene over og ynskjer attest, ber me om at legekontoret blir kontakta for avtale. Attest for fråvær kostar kr 200,- 

Reglement for fråvær frå vidaregåande skular i Vestland finn de her:  

fravarsreglement-for-dei-vidaregaande-skulane-i-vestland.pdf (vestlandfylke.no) 

 

Frøydis Gullbrå, kommunelege