Kommunevåpen Aurland kommune

Fornya konsesjon for Kjosfoss kraftverk og reguleringar i Flåmsvassdraget - fråsegn frå Aurland kommune

Kommunestyret vedtok i møte 16.04.20 KS-sak 023/20 slik høyringsfråsegn:

  1. Innleiing

Kommunen viser til motteke høyringsbrev frå NVE datert 6.februar 2020 knytt til søknad frå Bane Nor om konsesjonssøknad for reguleringar i Flåmsvassdraget til utnytting i Kjosfoss kraftverk. Aurland kommune vil si høyringsfråsegn kommentere forhold som kommunen meiner må vektleggast ved behandling av søknaden.

 

  1. Generelt om sakshandsaming av konsesjonssøknad

Aurland kommune er opptatt av at det blir gjennomført ei grundig behandling av konsesjonsøknaden, og at behandlinga blir tufta på eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om verknaden av reguleringane. Den opphavelege konsesjonen for statsregulering av Klevavatn vart gitt i 1946, av Seltuftvatn vart gitt i 1943 og Reinungavatn vart gitt i 1935. Det vil sei at det har gått 74-85 år sidan dei opphavelege konsesjonane, og sentrale faktiske og rettslege tilhøve kan ha endra seg i laupet av konsesjonsperioden. Vi kan mellom anna nemne lovregulering, kunnskap og verdsetting av miljø og naturmangfald, erfaringar ved anlegga og reguleringane, nye næringsinteresser i kommunen og endra klimatiske tilhøve.

Aurland kommune legg til grunn at Bane Nor sin søknad rettsleg sett er ein søknad som krev ei heilt ny konsesjonshandsaming, sjølv om Bane Nor søkjer om ei vidareføring av eksisterande konsesjonsvedtak. Aurland kommune er oppteken av at det er ved handsaming av ny konsesjon at konsesjonsmyndigheitene har størst handlingsrom til å vekte ulike interesser, sette råmer for framtidig drift, konsesjonsvilkår og liknande. Etter at konsesjonen er gitt vil det vere mindre rom for endring. For å ivareta ulike interesser og sikre Bane Nor føreseielege vilkår ber Aurland kommune om at konsesjonsmyndigheitene i samband med starten av konsesjonshandsaminga gjer ei grundig vurdering av prosjektet, konsesjonsvilkåra og avbøtande tiltak.

Kommunen meiner det er særleg viktig at NVE vurderer om konsesjonssøknaden stettar krav til utgreiingar etter lover og forskrifter. Sjølv om det ikkje er planlagt endringar av reguleringane og det ikkje skal, i høve søknaden, bli endringar i miljømessige konsekvensar, så har krav til slike utgreingar endra seg over tid. Gjennom konsesjonshandsaminga vert alle partar invitert til å vurdere korleis Kjosfoss kraftverk og dei tilhøyrande reguleringane i Flåmsvassdraget best kan vidareførast.

Aurland kommune vil kommentere punktet 3.5 «Ras, flom, og erosjon» i søknaden og forhold som gjeld vassforvaltning særskilt i høyringsfråsegna.

 

  1. Forholdet til revisjon, tiltak fastsett etter vassforskrifta

I tråd med Vassforvaltningsforskrifta er Vassforvaltningsplan for perioden 2022-2027 under revisjon. I samband med revisjonsarbeidet er kunnskapsgrunnlaget oppdatert. I kunnskapsgrunnlaget «Hovudutfordringar for Indre Sogn vassområde 2022-2027» blir det peika på at vasskraft er den største påverknadsfaktoren.

Aurland kommune føreset at forhold som gjeld vassforvaltning blir forsvarleg utgreidd og at avbøtande tiltak for å ivareta nasjonale prioriteringar og eventuell forbetringar av miljøverdiar blir tema i konsesjonshandsaminga. Dette gjeld mellom anna Flåmselva som nasjonalt laksevassdrag. 

 

  1. Særleg om fare for skadeflom i Flåmsdalen
  2. 1. Innleiing

Aurland kommune vurderer at alle punkt nemnt i konsesjonssøknaden punkt 3 «Virkninger for miljø, naturressurser og samfunn er relevante» og viktige for kommunen. Kommunen kommenterer særskilt det som gjeld flaumdempande tiltak.

 

  1. 2. Flaumdempande tiltak

Aurland kommune meiner at flaumdempande bør vere eit tema i konsesjonshandsaminga. Kommunen sitt syn er at konsesjonssøknaden er mangelfull med omsyn til utgreiingar om eksisterande flaumfare, og effekten av ulike avbøtande tiltak.

Flaumsikring i Flåmsvassdraget har vorte jobba med i kommunen i mange år. Etter skadeflaumen i 2014, som førte til enorme skadar, er det framleis svært aktuelt. Kommunen har i 2008-2009 og i 2014-2015 oppmoda konsesjonsmyndigheitene om samtykke til konsesjonshandsaming for ulike flaumdempande tiltak i Flåmsvassdraget. Spørsmålet om opning for konsesjonshandsaming av alternative tiltak har så lang ikkje blitt teke inn til vurdering for Stortinget. Aurland kommune sitt syn er at det er behov for ytterlegare utgreiing av mogelege flaumdempande tiltak for Flåmsdalen og at reguleringa av særleg Klevavatn er eit av dei tiltaka som det kan vere aktuelt å gjennomføre.

Aurland kommune legg til grunn at dokumenterte klimaendringar på Vestlandet, gjev auka risiko for flaum, flaumskred, ras, steinsprag og utglidingar, som kan gje skade på menneske, infrastruktur og materielle verdiar. Flåmsdalen er særleg utsett på grunn av smalt dalføre og bratte fjell. Aurland kommune meiner at flaumdempande tiltak i Flåmsvassdraget vil vere viktig for samfunnstryggleiken og ein viktig føresetnad for busetnad og for å sikre bruksverdien  for reiseliv, friluftsliv og miljø.

Sjølv om NVE har gjennomført ein del sikringstiltak i vassdraget i Flåmsdalen etter flaumen i 2014, er det etter kommunen sitt syn behov for avbøtande tiltak øvst i vassdraget for å sikre tilstrekkeleg mot flaum. I ei utgreiing frå Multiconsult i oktober 2016 «Flomdempingstiltak for vern av liv og helse i Flåm, Aurland kommune», er overføring frå Viddalselva til Viddalsmagasinet vurdert å vere det mest effektive flaumdempande tiltaket. I tillegg er det vurdert at endring av manøvreringa og auke tappeevne frå Klevavatn og er eit effektivt flaumdempingstiltak. OED fastset i vedtak av 21.juni 2018 at manøvreringa av Klevavatn kan takast opp til handsaming under konsesjonshandsaminga. Aurland kommune krev difor at dette alternative for handtering av skadeflaum blir utgreia nærare av konsesjonssøkjar og blir handsama av konsesjonsmyndigheitene. Andre avbøtande flaumsikringstiltak er ikkje nemnt i konsesjonssøknaden.

Kommunen ynskjer å ha nærare dialog med både NVE og konsesjonshavar om flaumdemping.

 

  1. Oppsummering og konklusjon

Aurland kommune si oppfatning er at Bane Nor bør få konsesjon, føresett at kunnskapsgrunnlaget er oppdatert i tråd med gjeldande krav i lover og forskrifter.

Aurland kommune har peika på behovet for å utgreie flaumdempande tiltak og omsynet til vassforvaltning. Kommunen legg til grunn at konsesjonsmyndigheitene nyttar konsesjonshandsaminga til å modernisere konsesjon og gjennomfører ei ny vekting av interesser, med fokus på avbøtande tiltak.

Aurland kommune ynskjer ein god og open dialog med både NVE og Bane Nor under konsesjonshandsaminga.

 

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
95 98 46 00


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland