Innkallinga kjem via Helsenorge.

Som forelder må du gå inn i Helsenorge å kontrollere at du har lagt barna dine til hjå deg, og godkjend digital dialog. Du vil då motta meldingar og inkallingar frå helsestasjonen digitalt. Dette gjeld også meldingar og timar frå sjukehus og fastlege. Du mottar også ei påminning om avtaler 72 timar før.

Innkalling til vaksinasjon kjem på same måte, og du som forelder kan samtykke elektronisk til at barne ditt skal ha vaksine. Det kjem ikkje brev heim i skulesekken lengre.

For dei konsultasjonane på helsestasjonen der ein skal fylle ut skjema i forkant, kan også dette skjemaet svarast ut elektronisk.


Ungdomsløysing

Det kjem også om ikkje lenge ei ungdomsløysing i app, der ungdommar 13-15 kan logge seg inn med bank-id. Dei kan då logge seg inn og sende spørsmål til skulehelsetenesta heime døgnet. Svar vil bli sendt ut i arbeidstida. Ungdomane får meir informasjon om denne løysinga når den er klar.

Ved spørsmål, ta kontakt med Aurland helsestasjon, tlf. 95 98 46 40