Aurland helsetun har lagt til rette for at det er muleg å besøke pasientar ved institusjonen, under desse føresetnadene:

  • For å avtale besøk ringer du vakttelefonen for den aktuelle eininga måndag til fredag mellom 09:00-15:00.
  • Besøkstida vil vere: Måndag - fredag: 11:00-17:00, laurdag og søndag: 14:00 -17:00
  • Inn til besøk kjem du ved å ringe på døra ved rehab – direkte inngang frå 3. etg (nb! ikkje komme inn hovudinngang ved helsetunet og nytte heisen opp).

Inne i pasientrom:

  • Besøk i pasientrom: Gå direkte til og frå rom, og ikkje opphalde  deg i fellesareal. Hald minst 1 meters avstand til alle
  • Tal på besøkande er avhengig av om ein klarer å helde minst 1 meters-avstand

Inne i besøksstova og ute:

  • Gå direkte inn i besøksstova, ikkje opphalde deg i fellesareal
  • Besøksrom, stova 3. etg på rehabavdelinga
  • Tal på besøkande er avhengig av om ein klarer å helde minst 1 meters-avstand

Talet på samtidig besøkande ved heile institusjonen kan verte avgrensa for å sikre at personalet kan følgje opp besøka på ein god måte.

Gjennomføring av besøk

  • Hugs god handhygiene før, under og etter besøket. Dette gjeld også bebuaren.
  • Personalet møter deg ved avtalt inngang og følgjer deg direkte til bebuaren sitt rom.
  • Under besøket skal du ikkje opphalde deg i fellesareala.
  • Hald minimum ein meters avstand til andre enn den du besøker, og held ein meters avstand til den du besøker.
  • Du har lov til å ha med gåver, blomar og liknande. Pass på å ha god handhygiene i samband med handtering og overlevering av gjenstandar.
  • Unngå å ta på mange gjenstandar og overflater på rommet. Alle berøringsflater skal reingjerast etter kvart besøk. Personalet kan hjelpe til med dette.
  • Dersom du tek med mat, skal alle utføre god handhygiene før og etter at maten vert servert. De skal bruke eingongsutstyr som skal kastast på rommet etter bruk
  • Det vert ikkje servert mat frå helsetunet sitt kjøken ved besøk, og ingen besøkande får bruke kjøkena
  • Besøk blir loggført i pasienten sin journal

Etter besøket

  • Dersom du får covid-19-symptom få dagar etter du har vore på besøk, må du varsle helsetunet om dette for å sikre effektiv smittesporing og andre nødvendige tiltak.

Bebuarar på besøk til pårørande utanfor institusjonen

  • På grunn av høgare risiko for smitte i mindre kontrollerte miljø enn ein har ved institusjonane, rår vi vekk frå dette.
  • Det bør gjerast ei individuell vurdering i kvart tilfelle, og risikoen må vektast opp mot grad av behov for eit slikt besøk. Ta kontakt med leiar ved avdelinga i god tid før besøk for å drøfte/avklare slike spørsmål.
  • Om besøk utanfor institusjonen skal gjennomførast, må det skje i samsvar med gjeldande nasjonale smittevernråd og det er viktig at pårørande gjer seg godt kjende med desse i forkant.
  • Reglar for handhygiene og minst ein meters avstand skal haldast også ved slike besøk, og den som organiserer besøket bør halde oversikt over kven som har hatt kontakt med bebuaren
  • Ved transport i bil bør ein vere så få som mogeleg i bilen, og bilturen bør haldast så kort som råd.

Punkta ovanfor gjeld for besøk til pasientar utan smitte av covid-19.  For pasientar med mistanke om eller bekrefta smitte av covid-19, vil andre tilrådingar og retningsliner gjelde.

 

Telefonar til avdelingane på Aurland helsetun:

Sjukeheim                           45 87 89 70

Rehab                                  45 87 90 54

Avdeling for demente      47 45 44 09

 

Helsedirektoretat sitt til helse- og omsorgsinstitusjoner om besøk i julehøytiden:

https://www.helsedirektoratet.no/nyheter/rad-til-helse-og-omsorgsinstitusjoner-om-besok-i-julehoytiden