Cecilie Bugge kom til Aurland i 1981 som elev ved Sogn- jord og hagebruksskule. Allereie då viste ho nysgjerrigheit og interesse for kulturlivet i Aurland. Ho var ein ivrig deltakande observatør til all kultur ho kunne vere med på. Det var sauesank i Aurlandsdalen, sauehovudsviing og pølseproduksjon på Tero, lefsebaking med Borghild Skjerdal og karding av ull med Anna Moldstein. Haldninga hennar var alltid oppmuntrande og respektfull overfor den ho lærte av. 

Cecilie reiste frå elevåret sitt på jordbruksskulen vidare til jobb som lærar i Nordreisa og i Nevlunghavn, men forlet likevel aldri Aurland. Då ho kom hit og busette seg tjue år seinare i 2001 og starta som lærar på ABU, hadde ho allereie vore budeie på Tindi for Knut på Bjørgo og gardsarbeidar hjå Håkon og Solveig i Lie.

Som lærar ved ABU og seinare ved SJH utmerka Cecilie seg ved i stor grad å ta i bruk både jord og fjord som læringsarena. Ho var engasjert i prosjektet «Levande skule» og samarbeidet mellom ABU og SJH. Ho har i mange år kvar vår og haust teke i mot steinerskuleelevar frå Bergen på SJH og lagt til rette for at dei skal få kunnskap om jordbrukskulturen i Aurland. Også etter pensjonsalderen har ho halde fram med å arbeide for at flest mogleg skal lære om natur og kultur. Svært mange born i Aurland har rodd ein båt for fyrste gong under leiing av Cecilie på leirskule i Dyrdal, der Cecilie framleis stiller opp årleg. Ho er engasjert for fjorden og for tradisjonsrike Sognabåtar. Ein av organisasjonane ho er med og styrer er Indre Sogn Kystlag. Ho organiserer utlån av dei tradisjonsrike båtane her i Aurland. Ho stiller opp for dei som vil lære meir om desse, enten dei kjem frå SJH, ABU, barnehagane eller er besøkande i kommunen vår. 

Cecilie deltek også aktivt i andre lag og organisasjonar. Som leiar i Husflidslaget har ho vore med å få i gang Ung husflid i Aurland. På måndagskveldane er ho på Hopastova for å lære den oppveksande slekt å bruke hendene sine til å skape noko, både nyttig og vakkert. Den årlege julemessa til Husflidslaget er også Cecilie medorganisator av.

Cecilie har også lagt ned mange timar med arbeid i Aurlandsdalen saman med Aurlandsdalens vener. Ho er aldri vanskeleg å be viss noko skal ordnast, og når eit arbeid er gjort veit Cecilie å setje pris på heimabrygg. Ho brygger øl i lauget sitt kvart år og held på denne måten i hevd tradisjonen som ho fekk tilgang til då ho kom hit til bygda for førti år sidan.

På eige initiativ stiller ho opp for flyktningar i Aurland, både som sjåfør, men også ved lærekøyring. Ho sørger for at mange av flyktningane får kjennskap både til kulturen og naturen her. Ho tar dei til dømes med til fjells, på fisketur eller på konsert.

Prisvinnaren i år er eit pedagogisk menneske som ikkje sjølv er oppteken av å vise fram eigne ferdigheitar innanfor kulturlivet. Cecilie Bugge er først og fremst ein kulturarbeidar som deltek, tek ansvar og lærer frå seg. Ho oppmuntrar andre til aktivitet, rettleier og rosar, og ikkje minst viser ho at ho ser og set pris på folks kulturaktivitet. Ho får Aurlandsprisen frå kommunen for arbeidet sitt for å legge til rette for at fellesskapet får utøve lokal kultur og kjenne ei stoltheit ved denne kulturen.