Merittlista til kulturarbeidaren Leif Inge Underdal er lang og innhaldsrik. Den syner tydeleg at han har hatt eit engasjement for kultur og fellesskap.

Ungdomslagsrørsla
I 1979 og 80 jobba han på formannskapskontoret i Aurland, så vart det nokre år på Leikanger, først på rekneskapskontor og så på helseetaten i fylkeskommunen. På denne tida vart han leiar i Sogn Ungdomslag.

I 1983 flytta Leif Inge til Oslo. Først jobba han på kontoret til Noregs Ungdomslag (NU), og så vart han kontorsjef hjå lagsbruka til Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo. Han var med og bygde ut Hotell Bondeheimen og Heimen Husflid.

l desse prosessane hadde han heile økonomiansvaret.

I 1988 vart han styremedlem i Noregs Ungdomslag, dei neste to åra var han leiar i same styret. Han var leiar i UUL i mange år etter at han flytta heim i 1990.

På slutten av Oslo-tida var han med og laga eit show i lag med andre frå bygdelaga. Dei kalla det Rist & Rull. Der var Leif Inge frontfigur med Elvis-sveis og kvit dress.

Han og bandet spelte elvislåtar, både med nynorsk og engelsk tekst. Det skulle vore moro å sjå opptak frå dette showet!

Undredal ungdomslag har alltid stått Leif Inge sitt hjarte nært. Han har stilt opp med song, dans og underholdning, og heile tida tatt på seg verv som leiar, styremedlem, møteleiar og kasserar, og kva det no var bruk for.

Han var og aktivt med i leikarringen som eksisterte fram til 1996.

Vegsak og revy:
Stortinget vedtok i 1975 at stamvegen mellom Oslo og Bergen skulle gå gjennom Aurland, men løyvinga kom ikkje inn i budsjettet. Leif Inge og andre gode krefter drog i gang vegaksjonen BAO-78, som står for Bergen-Aurland-Oslo. l aksjonsgruppa sat Per Lunde, Gunnar Ananiassen, Svein Larsen, Sigurd Vindedal, Øystein Borlaug og Leif Inge. Undredølene sette opp ein revy i 1978 for å sette fokus på saka, og revyen

heitte «Her ve me bu!». Dei viste revyen rundt om i sognebygdene, i Oslo og på landsungdomsstemna til Noregs Ungdomslag i Molde i 1980.

All den positive merksemda dette førte med seg må ha påverka saka, for i 1979 kom første løyvinga til vegsambandet.

Ein annan effekt av revyarbeidet var at det styrkte samhaldet i bygdi.

Den andre revyen laga dei til den offisielle vegopninga i 1988. Den heitte «Kva no, Undredal?» Leif Inge var ein av dei som heldt i trådane, sjølv om han no budde i Slemmestad. Sjølvsagt sto han på scena, og ikkje minst sytte han for at folk kom seg på øving frå alle landets kantar.

Då Gudvangatunnelen opna i 1991, og stamvegen Oslo-Bergen endeleg var eit

faktum, vart det feira med nok ein revy. Den heitte «Eitt feitt?» og var eit samarbeid mellom ungdomslaga i Vassbygdi, Aurland, Undredal og Gudvangen. Også her var Leif Inge ein viktig initiativtakar.

Undredal Grendalag
Ein del framsynte folk i bygda meinte at bygda trengde eit samarbeidsorgan som ikkje skulle vere knytt opp til medlemskap. Undredal Grendalag vart skipa i mai 1989.

Mottoet til laget skulle vere «Gled deg over naboen sin suksess!» I kjølvatnet av det følgde deltaking i det første bygdeutviklingsprogrammet i Sogn og Fjordane, og seinare områdeutviklingsprosjekt. Leif Inge var ein svært aktiv medlem av styret heilt fram til 2015. Bladet Underdølen var eitt av produkta til grendalaget. Leif Inge skreiv det meste åleine dei første åra. l 2010 gjekk han ut av redaksjonen.  

Geitostfestivalen
Stølshelg var ei tilskiping på Langhuso som hadde lange røter. Leif Inge var ein av eldsjelene som utvikla denne tradisjonen.

Og i 1998 vart arrangementet etter hans initiativ flytta ned til bygda og fekk namnet

Geitostfestivalen. Han har heile tida bidrege aktivt i festivalen, og lokalet på brygga har vore eit naturleg samlingspunkt for dans og moro. Leif Inge sat i styret for festivalen i mange år.

Nærøyfjorden Verdsarvpark
Leif Inge var styremedlem i Verdsarvparken frå 2012 til 2018. Der representerte han Undredal Grendalag. I denne samanhengen vart han òg med og arrangerte Nynorske Litteraturdagar i 2016 og 2017.

Bryggedans
Gjennom åra har Leif Inge laga mange dansetilstelningar og konsertar på brygga i Undredal. Av artistar kan me nemnde Valkyrien Allstars, Åsmund Nordstoga,

Tone Hulbækmo, Sogns, Andrea Rice og Ni Iiv.

Og sjølvsagt har han og spelt opp til dans når det var behov. I lag med dei andre

spelemennene i U4 har han reist ein del både austover og vestover og spelt til dans, og spreidd glede med si gode songstemme og sitt smittande humør.

Politikk og samfunnsliv
Han har vore medlem av Venstre i alle år, og vore vararepresentant til kommunestyret. Leif Inge er aktivist av legning og reagerer når han er begeistra for noko, eller føler at nokon må seie ifrå, anten overfor det politiske miljøet eller i

byråkratiet på fleire nivå. Mange er dei brev og innspel han har levert ifrå seg gjennom alle år.

I tillegg til alt dette har Leif Inge alltid stilt opp for lag i bygda som trengde hjelp til å sette opp rekneskap eller tonefølge eller kva det måtte vere.

Som far sin, han Øystein på Bui, har han har vore den som har reist seg opp i ei forsamling og sagt det alle tenkte. Me håpar han held fram og vere ein bauta for Undredalsbygda, sjølv om han ikkje blir å sjå bak disken på Underdalsbui lenger!