Vi hadde med oss Guttorm Helgøy og Marianne Callan Gjerstad som står bak prosjektet «Trygg i Fjell» frå Fjell kommune utanfor Bergen. Temakvelden sette søkelys på at det er alle sitt ansvar for å stoppe mobbing og åtferd som ikkje kan aksepterast. «It takes a village to rice a child» - vi må alle bli vaksne som ser og bryr oss. Stikkorda «kunne, ville, våge å stoppe mobbing» er vesentlege i arbeidet. Av desse er det å våge kanskje det vanskelegaste. Vi som deltok på temakvelden fekk med oss mange tankevekkarar frå arbeidet i Fjell som vi tek med oss i arbeidet vi nett har starta på i vår kommune. Det er opp til kvar og ein av oss om vi vil at Aurland skal vera ei god kommune å bu i både for barn og vaksne. Ein kommune der alle kan, vil og vågar å seia frå og stilla opp for kvarandre!

Temakveld mot mobbing - Guttorm Helgøy  Temakveld mot mobbing - Marianne Callen Gjerstad

Guttorm Helgøy og Marianne Callen Gjerstad