Vil du jobbe som assistent i brukar sin heim (BPA)
Me har ledig vikariat i full stilling i BPA-ordning, i turnus med døgnvakter/ medlever turnus.

Brukar er ei glad og positiv jente på 18 år. Ho har utviklingshemming, ryggmargsbrokk og er rullestolbrukar. Ho går på vidaregåande skule og du vil assistere ho gjennom ulike gjeremål på skula og i heimen. Ho treng og assistanse på reise og ferie. Brukar er glad i musikk, dans, teater, kino, konserter, og er glad i å vere sosial. Du vil vere ein av fleire som jobbar i eit team rundt brukaren. Det vil vere nært samarbeid med brukar og brukars pårørande. Du vil få opplæring i nødvendige prosedyrar og bruk av diverse hjelpemiddel.

Det vil vere turnus med døgnvakter med, for tida 3 døgn på, 14 dagar fri og 4 døgn på og 7 døgn fri i løpet av fire veker, med arbeid fjerde kvar helg. Assistentane føl brukars behov for assistanse, og i periodar kan det difor bli aktuelt å jobbe til andre tider, samt høgtid. Vikariatet er ledig frå 1.9.22 og inntil eitt år frem i tid.  

Me vil gjerne ha kontakt med deg
som ønskjer å gjere ein forskjell, og bidra til god livskvalitet og meinigsfulle aktivitetar for brukar.

Du må vere:
- engasjert
- positiv
- tolmodig
- lærevillig
- god til å samarbeide
- fleksibel i forhold til arbeidstid
- har godt humør

Krav til stillinga
Søkjarar må kunne dokumentere gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
God fysisk form
Sertifikat klasse B
Personlig egnethet vil bli vektlagt

Me tilbyr
Opplæring og innføring vert gitt, og me kan rettleie undervegs.

- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.
- gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen.
- hjelp til å skaffe bustad
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å skaffe arbeid til partner

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Døgnvakt har passiv tid/ kviletid, med avlønning 1:3.
Ved tilsetjing vert det kravd politiattest

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Søknadsfrist    12.06.2022                                 Utlyst dato        27.04.2022                           Vårref                  826

Kontaktperson

Christine Warholm Naasen, Tenesteleiar, mobil: 95984651, christine.warholm.naasen@aurland.kommune.no