Krigen i Ukraina har aktualisert temaet, men på grunn av den store geografiske avstanden er det svært lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Norge grunna krigen der, ifølge Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet.

Norge har også gode varslingssystem ved fare for radioaktivt nedfall, difor kan vi i tide få gjort dei naudsynte førebuande tiltak.

Skulle likevel uhellet vere ute, kan vi med enkle tiltak redusere konsekvensane.

Dei vanlegaste tiltaka vil vere:

  1. Syt for at du har naudsynt beredskapslager i heimen for at familien kan halde seg innandørs i minimum 2 dagar.
  2. Er du mellom 18 og 40 år:  Ha jodtablett i beredskap i heime. Ha gjerne også på lager til barn under 18 -  så slepp du gå ut for å hente under ei hending.
  • Kommunen har beredskapslager med jodtablettar til alle under 18 år, gravide og ammande.
  • Kommunen deler ut jodtablettar til målgruppene når melding om dette kjem frå statleg hald.
  • Det blir sendt ut befolkningsvarsel på SMS med informasjon om utdeling og utleveringsstader.
  1. Hald deg innandørs når du får varsel om det.

Alle kommunen sine innbyggjarar vil få varsel på SMS med informasjon om kva dei skal gjere om det vert fare for nedfall i vårt område.

Informasjon om jod på ulike språk: Informasjon på ulike språk - DSA