Det er i dag avdekka at vi har eit smitteutbrot på gang ved Aurland helsetun. Det er no fleire både bebuarar og tilsette som er sjuke. Alle avdelingar er råka.

Fleire tiltak er sett i verk for å få oversikt over utbrotet samt å avgrense det. Mellom anna testing av alle bebuarar og tilsette. I tillegg oppmodar vi til å vente med besøk.

Dei neste dagane vert situasjonen følgt dett, med daglege vurderingar kring kva smitteverntiltak som er naudsynte.

Det er mykje smitte i bygda, så utviklinga med smitte på Aurland Helsetun er ikkje uventa.

Besøk er mogleg, men vi rår til å utsetje.

I ein periode med tøffe prioriteringar av oppgåver og fleire sjuke tilsette, er det til stor hjelp for personalet om de kan vente med besøk. Dette slik at sjukeheimen kan prioritere besøkande til alvorleg sjuke bebuarar. 

Regler ved besøk

Er det bebuarar som absolutt ynskjer besøk av sine næraste, vil det sjølvsagt bli anledning til dette. Vi oppmodar til at pasientens næraste familie vert prioritert.

Besøk må avtalast på førehand med avdelinga. Avdelinga vil leggje til rette for besøk på dei tidspunkt det er tilstrekkeleg med ressursar tilgjengeleg for å ivareta eit godt smittevern.

Besøkande vert oppmoda til å halde avstand til andre bebuarar, bruke munnbind med opphald i fellesareal. Vi rår også til bruk av munnbind under heile besøket, av omsyn til bebuarar og tilsette. 

Besøkande bør ikkje komme på besøk dersom dei har infeksjonssjukdom eller har vore nærkontakt til nokon som er smitta av Covid-19. Besøkande som er smitta av Covid-19, kan komme på besøk til alvorleg sjuke bebuarar. Dette vert avtalt med avdelinga.

Vi legg også til rette for besøk for bebuarar som er isolert grunna sjukdom.