Grunna nasjonal omfordeling av vaksinar, har Aurland no fått melding om betydeleg auke i tal tildelte vaksinedosar for neste veke, veke 30, og vi planlegg vaksinering både torsdag og fredag. Vi opplev også at fleire no er på ferie og ikkje kan møte til tildelt time.

Av den grunn må du no melde di interesse for å få time til vaksinering.

Send e-post til legekontoret@aurland.kommune.no og merk meldinga vaksine. Eller du kan ringje eller sende SMS til helsesjukepleiar på tlf 95 98 46 40  mellom 8.00 og 15.00.

Vi treng: namn, fødselsdato og telefonnummer og veker du kan motta vaksiner. (veke 30, 31, 32)

 

Vaksinering skjer for tida i kantina på Aurland barne- og ungdomsskule.

 

Tenesteleiar Helse og Førebygging
Guri Olsen