Ti år med sorg og lengsel for foreldre, syskin, slekt og venner. Ti år sidan flotte ungdommar meiningslaust og brutalt vart rivne vekk. Ti år sidan me opplevde at fredelege Noreg brått vart skjenda på det verste. Ti år sidan Utøya….

Me hugsar alle dagane i etterkant. Sakte gjekk det opp for oss kva som hadde hendt, og ideologien som låg bak. Heldigvis har denne ideologien dårleg grobotn, men likevel meir enn god nok til å utgjere fare for demokratiet vårt. Både før og etter hendinga på Utøya har me sett stygge eksempel på det.

Rasehat, framandfrykt og undertrykkjing må aldri bli akseptert i samfunnet vårt. Ingen skal leve i frykt grunna politist eller religiøs overtyding, Heller ikkje grunna etnisitet, hudfarge eller legning. Det er vårt felles ansvar å vera vaktarar for at slike meiningslause hendingar ikkje får skje igjen, og det er kvar enkelt av oss sitt ansvar å oppføre oss slik at me ikkje lagar grobotn for haldningar me ikkje aksepterar. Så er det å håpe at me no, ti år seinare er blitt eit endå varmare, meir tolerant og inkluderande samfunn.

Lat oss i respekt og med gode tankar minnast alle dei me mista, og love å forsvare grunnleggjande demokratiske verdiar ved å aldri teie og aldri gløyme.

 

Trygve Skjerdal
ordførar