Utdrag frå sertifisøren si vurdering:

29|2 Aurland har gjennom sertifiseringsprosessen jobba godt med miljøarbeidet og har innarbeidd tilfredsstillande rutiner innanfor sentrale miljøtema. Miljøarbeidet er godt forankra i verksemda og er ein innarbeidd og sentral del av både produktet og forretningsidéen. Verksemda bruker i stor grad økologiske matvarer og produkt.

Verksemda har saman med ekstern kompetanse utarbeidd eit enkelt, men tilfredsstillande HMS-system som ser ut til å fungere i praksis. Det er utarbeidd fleire aktivitetsplanar som forankrar sentrale HMS- og miljøaktivitetar.

Innkjøpsarbeidet er forankra i verksemda sin innkjøpsrettleiar, som stiller krav til miljøprestasjonar hjå leverandørar og produkt. Verksemda har rutinar for energisparing, og temperaturen vert skrudd opp og ned etter belegg.

Transportbehovet er relativt lågt og i all hovudsak knytt til køyring av gjester og nokre møter og reiseaktivitet i regionen. Utover dette er det ein del av verksemda sitt produkt å tilby aktivitetar som ikkje treng fossil transport, som: gåturar, robåt-turar, kajakk og gratis sykkelutleige til gjester.

Avfall frå gjester vert sortert i fem fraksjonar, og det er stort fokus på å hindre matsvinn. Verksemda kastar svært lite mat, noko som kjem av god og nøyaktig planlegging i tillegg til avgrensa valmoglegheiter for gjestene.

Det er sertifisør si vurdering av verksemda tilfredsstiller dei kriteria dei vert sertifiserte etter. 29|2 Aurland vart difor godkjende som Miljøfyrtårn for tre år frå 18.11.2019.