På Facebook-sida til Norsk seterkultur står det at prisen går til hardtarbeidande bønder som produserer fantastisk ost frå geitemjølk. Geitene produserer i tillegg fantastisk kulturlandskap.

Aurland kommune gratulerer med velfortent pris. Ordførar Noralv Distad seier at Undredal stølsysteri betyr svært mykje for å sikra geitehaldet, og for å laga prislønte ostar. Dei er framifrå ambassadørar både for eiga næring og for heile kommunen.