- det fyrste vikariatet er omgåande og ut skuleåret 22/23
- det andre vikariatet gjeld frå 27.02.23 og ut skuleåret 22/23
- stillingane kan bli forlenga ut skuleåret 23-24
- det er ynskeleg med fagfordjuping i kroppsøving, spes.ped og norsk 2. Andre fag er og relevante for stillingane.

Aurland barne- og ungdomsskule ligg i kommunesenteret Aurlandsvangen. Skulen har pr. oktober 125 elevar frå 1. til 10. klasse. Skulen har i overkant av 30 tilsette. Skulen arbeider kontinuerleg for å betre elevane sitt læringsmiljø og for å styrke elevane sin faglege og sosiale kompetanse. Vi arbeider for at alle elevar skal oppleve meistring, ha ei positiv utvikling og tru på seg sjølv. Vi jobbar aktivt for at skulen skal ha ein høg fagleg kvalitet og ein tydeleg verdiprofil. Skulen har eit godt kvalifisert personale med brei kompetanse som sett oss i stand til å møte mange ulike utfordringar i ein samansett skulekvardag.

Arbeidsoppgåver
- undervisning
- planlegge, gjennomføre og vurdere ein variert og framtidsretta opplæring av høg kvalitet, og med ein god progresjon
- aktivt delta og bidra inn i vårt profesjonsfelleskap
- samarbeid med føresette
- aktivt delta i å skape eit trygt og godt læringsmiljø ved skulen

Kvalifikasjonar
Adjunkt eller høgare utdanning basert på grunnskuleutdanninga eller PPU m/kroppsøving.

Personlege eigenskaper
- du har kjennskap til ulike digitale verktøy
- du er ein entusiastisk og inspirerande lærar
- du er ein trygg, reflektert og tydeliglæ klasseleiar
- du er god på relasjoner, samarbeid og samhandling
- du er en god lagspelar
- du er aktiv, positiv, leiken og ein god teamdeltaker og kollega
- du har stor ansvarskjensle
- du har gode samarbeids-, samhandling og kommunikasjonsevner
- du er innovativ, fleksibel, endringsvillig og løysningsorientert

Me tilbyr
Å bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum. Du vert ein del av den felles kompetansehevinga skjulen har der me som kollegium lærar i lag.

Aurland barne- og ungdomsskule har ein god innarbeidd plan for lokalt entreprenørskap frå 1.-10. klasse der skulen samarbeidar med Sogn Jord- og hagebruksskule, Vestnorsk Fjordlansdskap, ViteMeir og lokale bedrifter. Skulens visjon er "Ein skule for alle med blikk for den enkelte". Denne visjonen er konkretisert gjennom 1. Kunnskap og læring 2. Respekt og toleranse 3. Trivsel og tryggleik 4. Samarbeid og engasjement

- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass, der arbeidsmiljø står i sentrum.
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.
- gratis inngang til treningsrom og symjebasseng i Aurlandshallen.
- hjelp til å skaffe bustad
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å skaffe arbeid til partner

Sjå gjerne på  rekrutteringsfilmen vår 

Krav til språkkunnskapar
Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

 

Søknadsfrist: 03.11.2022                               Utlystdato: 20.10.2022                       Vår ref: 863


Kontaktperson:

Bjørg Henriette Gustavsen
Rektor
E-post: bjorg.henriette.gustavsen@aurland.kommune.no
Mobil: 917 00 179