Me har ledig
Aurland kommune har ledig fast stilling som pedagogisk leiar i frå 01.08.2022. Flåm barnehage ligg fint til mellom vakre fjell innst i Aurlandsfjorden på Lunden i Flåm. Her har me moglegheiter til å bruke naturen kring oss. Det er 2 avdelingar med 8 tilsette og 27 barn. Me har nyleg gjennomgått ei medarbeidarundersøking der barnehagen fekk veldig gode resultat.

Ansvar som ligg til stillinga
Pedagogisk leiar er ein del av leiinga i barnehagen og rapportere til styrar i barnehagen og er nærmaste leiar for dei andre tilsette på avdelinga. I tillegg skal den pedagogiske leiaren ha ansvar for dagleg drift og planlegge aktivitetar på avdelinga i tråd med lover, forskrifter, rammeplan og årsplan.
Pedagogisk leiar har eit medansvar for endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen.

Kvalifikasjonar
-Godkjent førskulelærar / barnehagelærarutdanning.
-Anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med småbarnspedagogikk.
-Anna pedagogisk utdanning kan også vurderast.
-Vi forventar at den som blir tilsett snakkar godt norsk og kan nytte nynorsk i skriftleg form.

Personlege eigenskapar
-Arbeide sjølvstendig
-Vere løysingsorientert
-Bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
-Vere fleksibel og endringsvillig
-Evne til å rettleie

Me tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Gratis inngang til treningsrom og symjehall
- Hjelp til å skaffe jobb til partner ved flytting til Aurland
- Hjelp til å skaffe bustad
- Moglegheiter for fagleg utvikling
- God tenestepensjonsordning
- hjelp til å skaffe barnehageplass
- hjelp til å skaffe arbeid til partner

Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke "glemt passord".

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at  namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Krav til språkkunnskapar
Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Gode engelskkunnskapar tel positivt.

Søknadsfrist    03.06.2022                                 Utlyst dato        12.05.2022                           Vårref                  828

Kontaktperson

Marianne Christensen, tenesteleiar FBHG, mobil: 91563796, marianne.christensen@aurland.kommune.no