§ 1. Eigartilhøve og drift

Aurland kommune eig og driv skulefritidsordningane (SFO).

SFO skal drivast etter reglane i Opplæringslova med forskrifter, og etter retningsliner gjevne av Kunnskapsdepartementet.

Kommunestyret fastset vedtekter for skulefritidsordningane i Aurland kommune.

Rektor har det overordna ansvaret for drifta av SFO.

 

 

§ 2 Føremål

SFO er eit frivillig omsorgs- og fritidstilbod i tilknytning til skuletida for barn i 1.-4.årstrinn, og for barn med særskilte behov i 1.-7.årstrinn.

SFO skal legge til rette for eit trygt og godt miljø med vekt på leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna.

Med utgangspunkt i lokale tilhøve vert det kvart år fastsett ein aktivitets/utviklingsplan.

 

§ 3 Leike- og opphaldsareal

Leike- og opphaldsarealet innandørs skal minimum vere 4 m² pr. barn.

Lager, gang og toalett skal ikkje reknast som opphaldsareal.

 

§ 4 Opningstid og ferieavvikling

 

§4a Opningstid

Dagleg opningstid 7.30- 16.00

SFO held ope einskilde dagar og i feriar dersom det er 5 barn eller fleire som har behov for enkeltdagar.

SFO held ope på elevfrie dagar/kompetansedagar dersom det er 5 barn eller fleire.

SFO i Flåm og på ABU samarbeider i feriar og elevfrie dagar. SFO har fem planleggingsdagar i skuleåret og på desse dagane held SFO stengt.

 

§ 4b Ferieavvikling:

SFO er stengt 4 heile veker om sommaren.

Foreldre/ føresette må melde barnet på sommar-SFO seinast 15.april.

SFO held stengt julafta, i romjula, nyttårsafta og i skulen sin påskeferie.

Informasjon om påmelding til andre feriar og elevfrie dagar/kompetansedagar vert publisert ved oppstart av nytt skuleår.

 

§ 5 Opptak, søknadsprosedyre og oppseiing

Hovudopptaket til SFO skal lysast ut offentleg og søknadsfristen skal er 1.april.

Søknadar utanom hovudopptaket vert handsama fortløpande og barn får plass dersom det er ledig kapasitet.

Rektor og dagleg leiar for SFO er opptaksnemnd.

Søknad om plass, endringar og oppseiing av plass skal sendast inn elektronisk gjennom Visma Flyt Skole, https://skole.visma.com/aurland

Barnet har tildelt plass i SFO til den vert endra, sagt opp eller barnet går ut av 4. klasse.

Oppseiing og endring av plass i skuleåret har verknad frå den 1. i månaden og skal gjerast med minst ein månads varsel.

 

Etter vedtak av rektor kan barn mista plassen når:

Det ikkje vert betalt for plassen

Plassen vert nytta utover avtalt tid

 

Avslag på søknad og oppseiing kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.

Kommunens klageorgan er klageinstans.

 

§6 Opptakskriterie

Ved opptak skal desse barna ha førerett (ikkje prioritert rekkjefølgje):

Barn med særlege vanskar etter sakkunnig tilråding

Yngre barn går føre eldre barn

Barn med einslege føresette når føresette er i arbeid eller under utdanning.

Nytilflytta barn frå andre kulturar

Opptaket gjeld for heile skuleår. Når det ligg føre særlege grunnar som t.d. alvorleg sjukdom, kan barn takast inn for kortare periodar.

 

§ 7 Plassar og betaling

SFO har desse plassane:

Inntil 14 timar pr. veke

Meir enn 14 timar pr. veke

 

Einskilddagar kan kjøpast, men ikkje faste einskilddagar meir enn 3 veker på rad.

Kommunestyret fastset kvart år betalingssatsane, søskenmoderasjon (50% for barn nr 2, 75% vidare) og gebyr ved for sein henting.

For juni, august og desember skal det betalast for tal dagar SFO har ope. For dei andre månadane i skuleåret skal det betalast heil sats.
Når det vert gjeve tilbod om SFO plass utanom skuleruta, gjeld dagsatsar vedtekne av kommunestyret.

Rektor kan innvilga redusert betaling etter søknad frå føresette.

Ved for sein henting skal det betalast gebyr.

 

§ 8 Skyss

Skyss til og frå SFO er foreldra sitt ansvar.

Dersom eleven har rett til skuleskyss, fell denne retten bort dei tidene eleven nyttar SFO.

 

§ 9 Måltid

Det kan serverast eit lettare måltid pr. dag (t.d. suppe, brød, mjølk, frukt).

Matpengar kjem i tillegg til gjeldande betalingssatsar.

 

§ 10 Leiing og personale

Rektor har den overordna leiinga av SFO.

Når ordninga omfattar fleire fagpersonar / assistentar, skal det tilsetjast dagleg leiar med pedagogisk utdanning.

Det skal i regelen ikkje vere meir enn 12 barn pr. gruppe.

Dei som vert tilsett i SFO skal leggje fram politiattest. Personalet i SFO har teieplikt i alle forhold vedr. barna og deira heimeforhold, jmf. Lov om teieplikt (FVL)