Reguleringsplan for E 16 Nærøydalen vedtak av plan
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 har Aurland kommunestyre i møtet 20.10.2016, sak 89/16 vedteke reguleringsplan for E 16 Nærøydalen.
Med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 har Aurland kommunestyre i møtet 20.10.2016, sak 89/16 vedteke reguleringsplan for E 16 Nærøydalen.
I samarbeid med Aurland kommune og Voss kommune arrangerer Statens vegvesen ope møte. Møtet finn stad på Grendahuset i Haugsviki torsdag 18. august 2016 kl. 1900.
Statens vegvesen legg i samarbeid med Aurland kommune forslag til reguleringsplan for E16 Nærøydalen ut til offentleg ettersyn. Formålet med planen er rassikring i Nærøydalen. Rassikringa skal gjennomførast ved å byggje ny tunnel forbi dei rasutsette områda. Planen er utarbeidd i samsvar med Plan- og bygningslova §§3-7, 12-3 og 12-10. Planen omfattar areal i Aurland kommune og Voss kommune.
Det skal utarbeidast reguleringsplan med konsekvensutgreiing (KU) for E16 Nærøydalen. Planområdet strekkjer seg frå Hylland i Aurland til Sleen i Voss.
I samråd med Aurland og Voss kommunar melder Statens vegvesen oppstart av utarbeiding av reguleringsplan med konsekvensutgreiing på strekninga frå Hylland i Aurland kommune til Sleen i Voss kommune.